Politiet: Direktøren ville brenne ned heile hotellet for å skjule spor

Iherdig innsats frå brannvesenet sikra politiet viktige bevis i brannen på Selje hotell. – Vi fann spor på åstaden som var av stor betydning for etterforskinga, seier politiadvokat Magnus Engh Juel.

Brann på Selje hotell

FULL FYR: Selje hotell vart totalskadd i brannen i november i fjor. For to veker sidan erkjende dagleg leiar å ha rigga til brannen.

Foto: Tor Seljeseth

Desse spora meiner politiet peikar i retning av eit avansert brannarrangement som skulle få heile hotellet til å brenne ned til grunnen.

Magnus Engh Juel

NÆRMAR SEG: Politiadvokat Magnus Engh Juel seier det framleis står att noko etterforsking, men håpar å få saka opp for domstolen i august. – Det står att nokre avhøyr og litt meir analysearbeid, men vi er eit godt stykke på veg i etterforskinga, seier han.

Og det utan at nokon var fysisk til stades i Selje for å tenne på hotellet.

– Det var eit relativt avansert opplegg, som vi meiner ikkje fungerte etter planen. Funn vi har gjort på åstaden viser at planen var å få heile bygget til å brenne ned, seier politiadvokat Magnus Engh Juel.

Erkjende å stå bak

Det var i november i fjor at hotellet vart totalskadd i den dramatiske brannen. Tre brør, som eig og dreiv hotellet, vart varetektsfengsla sikta for brannstifting og forsikringssvindel.

Mennene er avhøyrde ei rekkje gonger. Etter det NRK kjenner til bad dagleg leiar for to veker sidan om eit nytt avhøyr, der han tilstod at økonomiske motiv fekk han til å setje fyr på hotellet.

Politiet meiner DNA-spor, fingeravtrykk, telefondata, kjøp av gjenstandar er sterke bevis mot mannen.

– Han har tilstått forholdet og har kome med ei grundig forklaring til politiet, seier Engh Juel.

Var i Sverige brannatta

Per Kjetil Stautland

FORSVARAR: – Uheldig, men ikkje straffbart, seier forsvarar Per Kjetil Stautland om den over millionen som klientene hans har tatt ut frå Selje hotell.

Foto: Kjell arvid Stølen / NRK

Dei to andre mennene nektar for å ha noko med brannen å gjere, men politiet meiner framleis at dei tre var saman om brannen.

Alle dei tre sikta var i Sverige då brannen starta, men politiet meiner det var gjort tiltak for å få brannen til å starte og spreie seg i hotellet.

Politiadvokaten vil ikkje kommentere kva som var gjort.

NRK har tidlegare omtala at brannalarmen var av og at branndørene stod på vidt gap under storbrannen.

– Vi har ein dagleg leiar som kjenner bygget godt, han har erkjent straffskuld og det er gjort ulike tiltak for at hotellet skulle brenne ned slik som var hans plan, seier Engh Juel.

Tok ut pengar

Politiet utvida siktinga mot mennene til også å gjelde for grov utruskap. Dei meiner dagleg leiar har brukt over ein million kroner av hotellet sine pengar på andre ting enn drifta.

Selje hotell gjekk opp i flammar

TOTALSKADD: Selje hotell vart totalskadd i brannen, men politiet meiner det var gjort tiltak for at bygget skulle brenne heilt ned.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Større beløp skal vere overført til utlandet, mellom anna Tyrkia.

– Uttaka er gjort over tid, heilt frå tidleg etter overtakinga. Dagleg leiar har erkjent å ha brukt midlar frå selskapet på ting som ikkje er knytt til drifta, og som heller ikkje er legitime uttak som til dømes utbyte, seier han.

Forsvarar Stautland seier at hans klient vedgår å ha brukt pengar til å betale norske kreditorar på lovleg måte, men at han nektar for å ha gjort noko straffbart.