Hopp til innhold

Hotellbrannen i Selje, dette er saka

25. november i fjor vakna innbyggarane i Selje opp til sjokkmeldinga om at det einaste hotellet i kommunen var gått tapt i brann.

Selje hotel i brann

TOTALSKADD: Selje hotell stod i full fyr og brann ned til grunnen, natt til 25. november i fjor.

Foto: Alvin Honningsvåg

Klokka 03.35 vart brannen oppdaga av ein nabo som fekk varsla alarmsentralen. Eit trettitals personar frå brannvesenet i Selje, Vågsøy og Vanylven kjempa iherdig mot flammane. Dei klarte å hindre brannen i å spreie seg til andre bygg, men hotellet vart totalskadd.

På ettermiddagen fredag 25. november meiner politiet at brannen kan ha starta i eit av hotellromma i underetasjen. Politiet bed også Kripos om hjelp i etterforskinga.

26.11.2016: Kripos er på plass i Selje. Ti avhøyr er alt gjort av naboar og andre personar i samband med brannen. Hotelldirektøren kjem til Selje og lar seg intervjue om brannen: – Dette er augesteinen vår, seier han til NRK.

1.12.2016: Politiet opplyser at tre personar er arresterte i samband med brannen.

2.12.2016: Det blir klart at det er dei tre eigarane av hotellet som er arresterte. Dei vert varetektsfengsla i fire veker sikta for grovt skadeverk og grovt bedrageri, eller medverknad til det.

3.12.2016: Dei tre sikta etter hotellbrannen i Selje ankar varetektsfengslinga til lagmannsretten.

5.12. 2016: Det blir kjent at hotellet er fullforsikra, men har over 16 millionar kroner i gjeld.

14.12.2016: Dei tre sikta etter hotellbrannen i Selje må framleis sitte i fengsel. Det er klart etter at Gulating lagmannsrett har forkasta anka.

30:12.2016: Dei tre som er sikta etter brannen på Selje hotell, får fire nye veker i varetekt, medan etterforskinga pågår.

03.01:2017: Det blir kjent at varslingsanlegget var av og branndørene stod på vidt gap under storbrannen i Selje Hotel i november.

23.01.2017: Den kjende advokaten Morten Furuholmen overtek som forsvarar for ein av dei tre brørne som er sikta for å ha tent på Selje hotell i november.

24.01.2017: Politiet ser nærare på pengetransaksjonar som vart gjort av eigarane av Selje Hotel før brannen.

27.01.2017: To av dei tre mennene som er sikta for å brenne ned Selje hotell og for forsikringssvindel, er i Fjordane tingrett i dag fengsla i to ny veker med brev og besøksforbod.

30.01.2017: Den tredje og siste av brørne sikta etter brannen på Selje Hotel vart i dag varetektsfengsla i ytterlegare to veker.

27.02.2017: Administrerande direktør på Selje hotell vedgår i avhøyr at han køyrde eins ærend frå Stockholm til Selje for å sette fyr på hotellet.