NRK Meny
Normal

30 etterforskarar har jakta på brann-oppklaring

Politiet gjer avanserte søk i titusenvis av bompengepasseringar på bilvegar mellom Selje og Sverige for å finna dei skuldige i brannen ved Selje Hotel.

Selje hotel i brann

OMFATTANDE: Etterforskarar og analysefolk frå Kripos, lokalt politi og Folkehelseinstituttet har vore involverte i etterforskinga av brannen på Selje Hotel 25. november i fjor.

Foto: Alvin Honningsvåg

I snart tre månader har politiet etterforska brannen som totalskada Selje Hotel i 25. november i fjor. Tre svenske brør er sikta for å ha brent ned sitt eige hotell – og for forsøk på forsikringsbedrageri.

Dei tre på si side nektar for å ha noko med saka gjera.

Politiet har halde korta tett til brystet, men no fortel politiadvokat Magnus Engh Juel i Vest politidistrikt om den omfattande etterforskinga. Etterforskarane har mellom anna gjort tidkrevjande analysar av titusenvis av bompengepasseringar på bilvegar mellom Selje og Sverige, der dei sikta bur. I dette materialet har politiet gjort avanserte søk.

Magnus Engh Juel

PÅTALEANSVARLEG: Politiadvokat Magnus Engh Juel i Vest politidistrikt

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Du kan vel tenkja deg at det blir mange bilar. I Norge kan du køyra mange vegar, så me har måtta sjekka mange ulike stader i eit gitt tidsrom, seier Engh Juel.

Stor etterforsking

Over 30 etterforskarar og analysefolk frå Kripos, lokalt politi og Folkehelseinstituttet har vore involverte i etterforskinga:

  • Om lag 15 lokale politifolk frå Vågsøy, Selje, Eid og Stryn.
  • Kripos har stilt med tre teknikarar, to analysefolk, to taktiske etterforskarar og ein etterforskingsleiar.
  • Spesialeiningane for organisert kriminalitet og økonomisk kriminalitet i Sogn og Fjordane har bidrege med åtte spesialistar.
  • I tillegg har ekspertar både ved Kripos og Folkehelseinstituttet gjort analysar. Folkehelseinstituttet har mellom anna analysert funn på branntomta for å finna DNA-spor. Dei har òg analysert prøvar som politiet sjølv at teke, på jakt etter DNA-spor.
Brannen i Selje Hotel

JAKT PÅ DNA: Folkehelseinstituttet og Kripos har analysert funn mellom anna frå branntomta ved Selje Hotel.

Foto: Hans Olav Landsverk / NRK

Furuholmen: – Kritikkverdig

I ti veker har dei tre brørne frå Sverige sete varetektsfengsla. I dag skal dei sikta i eit nytt fengslingsmøte, der politiadvokat Magnus Engh Juel kjem til å be om fire nye veker i varetektsarresten.

Engh Juel har tidlegare sagt at etterforskinga har styrka mistanken.

Advokat Paul Inge Angelshaug som forsvarar den eine sikta, seier til NRK at klienten hans framleis nektar straffskuld, og det trass i snart tre månader intensiv og omfattande politietterforsking.

Morten Furuholmen

KRITISK: Morten Furuholmen forsvarar den eine av dei tre sikta.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

Per Kjetil Stautland, forsvararen til den andre sikta, ønskjer ikkje å kommentera saka, medan den tredje forsvararen Morten Furuholmen skriv følgjande i ei tekstmelding til NRK:

«Jeg har tanker rundt den påtalemessige håndteringen av de siktende i denne saken. Den er kritikkverdig.»

Politiadvokat Magnus Engh Juel ønskjer ikkje å kommentera dette.

Nye avhøyr

Dei siste to vekene har politiet gjennomført grundige avhøyr av dei sikta med hjelp frå Kripos. Der har politiet har konfrontert dei tre mellom anna med opplysningar som har kome fram av etterforskinga. Engh Juel vil ikkje kommentera kva som er kome ut av avhøyra, men stadfestar at det vil bli gjort nye avhøyr i dei komande vekene.

Politiadvokaten seier at arbeidet har vore ekstra krevjande fordi dei også må etterforska i heimlandet til dei tre sikta.

– Dei tre sikta er svenske statsborgarar. Difor er det informasjon frå vitne og tekniske bevis i Sverige som er av interesse frå politiet.

Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.