Ellevill jubel heime i Stryn etter historisk OL-gull

Tårene trilla for Johannes Thingnes Bø då OL-gullet på normaldistansen var eit faktum. Heime i Stryn kom også tårene hjå foreldra og søskena.

Familien Bø

JUBEL: Familien Bø var høgt oppe etter at son og veslebror, Johannes Thingnes Bø tok gull.

Foto: Privat

– Dette var fantastisk. Vi var samla både foreldre og søsken og vi gleda oss heile vegen, sjølv om det svinga og begge var med å kjempa i toppen, seier storebror Rasmus Bø.

Etter eit sekunddrama av dei sjeldne tok Johannes Thingnes Bø tidenes første individuelle OL-gull til Sogn og Fjordane i Pyeongchang.

Nervepirrande

Thingnes Bø

GULLJUBEL: Johannes Thingnes Bø jublar for gullet.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

For det vart ekstremt spennande for familien. Johannes starta med bom på første skyting, medan Tarjei skaut tre fulle hus. På den siste skytinga fekk Johannes endå eit tilleggsminutt, medan Tarjei fekk sine to første bom der. Han enda dermed med to tilleggsminutt.

Frå eit tidleg startnummer kom fleire å truga Thingnes Bø bakfrå, men ingen av konkurrentane hadde verken farten i løypa eller takla presset på standplass. Då gullet var eit faktum blei den nybakte olympiameisteren våt i augekroken.

– Det kom tårer hjå meg og. Det var fantastisk å sjå at han lukkast. Det er ekstra kjekt når dei gler seg i lag, seier Rasmus Bø.

For med to bom på siste skyting enda det med ein skuffande 13.-plass for storebror Tarjei Bø.

– Min prestasjon var skuffande, men eg gler meg veldig over Johannes sitt gull. Han var langt nede etter å ikkje ha fått det heilt til på sprinten og jaktstarten, seier Tarjei.

– Møtet med han etter målgang var kjensleladd. Det er synd han ikkje lukkast, for det hadde han absolutt fortent. Han er ein fantastisk storebror, seier Thingnes Bø til NRK.

FEIRING I STRYN: Dei stolte foreldra Klemet Bø og Aslaug Hildegunn Thingnes Bø gler seg over gullet.

Kakefest

Vinter-OL. Olympiske leker i Pyeongchang 2018. Skiskyting menn.

GRATULASJON: Her får Johannes Thingnes Bø sigersklem frå storebroren Tarjei Bø etter OL-gullet. Tarjei vart nummer 13, etter at han fekk to bom på siste ståande skyting.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

I Stryn sat familien klistra til skjermen, og for mor Aslaug Hildegunn Thingnes Bø er det ekstra nervepirrande å sjå sønene gå i OL-løypene. Vanlegvis må ho ty til husarbeid for å kontrollere nervane.

– I dag stakk ho ned til søstera mi for å sjå rennet. Og no har vi sett ho i sving med å bake kake, så då har ho noko å gjera utover ettermiddagen, seier Rasmus lattermildt.

For i kveld skal familien samlast og feira OL-gullet.

Laster innhold, vennligst vent..