Hopp til innhold

Dette har ingen gjort før Thingnes Bø

Johannes Thingnes Bø vart tidenes første individuelle gullmedaljevinnar i eit vinter-OL frå Sogn og Fjordane, då han i dag vann normaldistansen i Pyeongchang.

Vinter-OL. Olympiske leker i Pyeongchang 2018. Skiskyting herrer.

GULL: To tilleggsminutt stoppa ikkje Johannes Thingnes Bø frå å ta OL-gullet på 20-kilometer i Pyeongchang.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Laster innhold, vennligst vent..

– Det er den største draumen eg har hatt. Dette har eg jobba utruleg hardt for og det er den beste kjensla i heile verda, seier Johannes Thingnes Bø til Eurosport, då gullet var eit faktum, medan tårene trilla.

For etter to skuffande renn, med ein 31.-plass på sprinten og 21.-plass på jaktstarten, gjekk draumen til Thingnes Bø endeleg i oppfylling.

For denne sesongen har han og franske Martin Fourcade vore suverene og har vunne alle utanom eitt renn i verdscupen i forkant av OL, og på tredje forsøk kom endeleg OL-gullet.

Måtte vente lenge

Vinter-OL. Olympiske leker i Pyeongchang 2018. Skiskyting herrer.

GRATULASJONAR: Støtteapparatet var ute med sine gratulasjonar til Johannes Thingnes Bø, etter at OL-gullet var eit faktum.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

For trass i to tilleggsminutt var det ingen som kunne halda følge med stryningen i løypa. På eit tidleg startnummer gjekk starta han med bom på første skyting og etter to fulle hus fekk han endå eit tilleggsminutt på den siste skytinga.

Lenge såg det ut til å gå mot favorittsiger til franske Martin Fourcade, men franskmannen fekk to tilleggsminutt på den siste skytinga.

Fleire konkurrentar, blant anna storebror Tarjei Bø, var på skothald til å gullet frå Thingnes Bø, men ein etter ein bukka dei for presset.

Nærast var Dominik Landertinger frå Austerrike og Jakob Fak frå Slovenia, som tok sølv og bronse.

Første frå fylket

Ingen utøvar frå Sogn og Fjordane har nokon gong tatt individuelt OL-gull. Den einaste medaljen er det Odd-Bjørn Hjelmeset som har frå 5-mila under OL i Salt Lake City i 2002.

Etter fleire dagar med stong ut for dei norske utøvarane fekk endeleg Johannes Thingnes Bø full klaff.

Tarjei Bø enda som nummer 13.

Vinter-OL. Olympiske leker i Pyeongchang 2018. Skiskyting herrer.

NESTE: På siste skyting fekk Tarjei Bø to bom, og med det rauk medaljesjansen. Hadde han fått ned alle blinkane kunne det blitt både gull og til Stryn.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix