Hopp til innhold

Elevane i Sogn og Fjordane har lågast fråvær

Elevane i Sogn og Fjordane har lågast timefråvær i landet. Det er òg færrast elevar som sluttar her i fylket, viser ferske tal frå Utdanningsdirektoratet.

Sveising

BEST I LANDET: Elevane i Sogn og Fjordane har lågast fråvær i landet, men Elevorganisasjonen meiner det ikkje er mogleg å konkludere med at fråværsgrensa har hatt positiv effekt.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Tor-Einar Holvik Skinlo er assisterande fylkesdirektør for opplæring i Sogn og Fjordane.

NØGD: – Skulane jobbar godt med å følgje opp elevane, seier Tor-Einar Holvik Skinlo.

Foto: Birthe Johanne Fredheim Finstad / Sogn og Fjordane Fylkeskommune

Sogn og Fjordane kom ut med klart best resultat då Utdanningsdirektoratet la fram førebelse fråværstal for skuleåret 2016–2017.

– Vi har over fleire år arbeidd systematisk med å redusere fråværet til elevane. Skulane jobbar godt med å følgje opp kvar enkelt elev, seier Tor-Einar Holvik Skinlo.

Han er konstituert fylkesdirektør for opplæring og godt nøgd med at timefråværet er det lågaste i landet. Heildagsfråværet er om lag på det nasjonale snittet. Det typiske fråværet er tre dagar og seks timar per elev.

– Reduksjonen her er lågare enn i mange andre fylke, noko som truleg har samanheng med vi har hatt lågt fråvær også tidlegare år, seier Skinlo.

Graf som viser fraværsnivået
Foto: Utdanningsdirektoratet, Statistikkportalen

Få elevar slutta i skuleåret

I løpet av skuleåret 2016–2017 slutta 2,3 prosent av elevane på dei vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane. Dette er lågast av alle fylka. Nasjonalt slutta fire prosent av elevane. Talet elevar som sluttar er redusert dei siste seks åra, men samstundes er det i år ein liten auke.

– Dei tilsette på dei vidaregåande skulane er tettare på elevane. Når eleven står i fare for å slutte, blir det sett i verk tiltak for å hjelpe han, seier Skinlo.

Han meiner det er for tidleg å seie noko om korleis fråværsgrensa påverkar i kva grad elevane sluttar.

– Nøkkelen er å vere motivert

Ved Elevorganisasjonen i Sogn og Fjordane meiner dei at det ikkje er mogleg å konkludere med at fråværsgrensa har positiv effekt – sjølv om nedgangen i fråvær er positiv.

– Motivasjonen har gått ned dette skuleåret. Er ikkje nøkkelen til å lære å vere motivert, framfor å berre møte opp, spør leiar Hanne Hjartholm.

Tala har gått i motsett retning av det Elevorganisasjonen har varsla. Likevel får ikkje det fylkesleiaren til å endre meining.

– Elevane har vore klare i sin tale. Fråværsgrensa motiverer ikkje elevane, men er eit verktøy som tvingar dei på skolen. Det er ikkje vanskeleg å forstå at oppmøtet går opp når konsekvensen av å vere sjuk heime er å setje framtida si på spel, seier Hjartholm.

Kunnskapminister Torbjørn Røe Isaksen

NEDGANG: Innføring av fråværsgrense har ført til mindre fråvær i vidaregåande skule, meiner regjeringa og Torbjørn Røe Isaksen.

Foto: Jon Olav Nesvold / NTB scanpix

Nedgang på 40 prosent i heile landet

Landet sett under eitt er nedgangen i fråværet på 40 prosent for dagar, og 33 prosent for timar. Ein elev i vidaregåande skule har på landsbasis typisk tre dagar og åtte timar i fråvær dette skuleåret. I det førre skuleåret var talet typisk på fem dagar og 12 timar.

– Mange frykta at fråværsgrensa ville føre til at fleire elevar ikkje fekk karakter i fag og at fleire slutta i vidaregåande. Tala viser det motsette, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.