Hopp til innhold

Vi eksporterer enorme mengder plast ut av landet

Når éin million tonn oppdrettslaks blir eksportert ut av landet, følgjer det med enorme mengder isoporkasser. Kva som skjer med kassene, har ein ikkje full oversikt over.

Isoporkasser med laks

STORE MENGDER: Med lakseeksporten frå Noreg følgjer det også med store mengder isoporkasser til utlandet.

Foto: Norsk Sjømatråd

Politikar for Miljøpartiet Dei Grøne, Martin Malkenes, meiner oppdrettsnæringa bidreg til plastforureining mellom anna gjennom produkta dei sender ut av landet.

– I tillegg til éin million tonn oppdrettslaks, eksporterer dei òg veldig mange isoporkasser og plastemballasje. Eg vil tru at det ikkje er alle land som tek imot norsk laks, som har like godt renovasjonssystem som vi har i Noreg.

Betydeleg volum

– Då er det jo for oppdrettsnæringa å ta tak både i eingongsproduktet dei eksporterer gjennom isopor, og sjå til at dei enten får betre løysingar som kan brukast på nytt i landet dei endar opp, eller at dei får eit system som varetek det i landet der det endar opp.

Malkenes seier betydelege mengder isoporkasser følgjer med fisken, og viser til at 1700 tonn isoporkasser årleg går til fiskerinæringa.

– Vi lagar eingongsprodukt som blir brukte ein gong, så kastar vi det. Med mindre ein veit det går inn i resirkuleringssyklus, så er det avfall. Plast er ein veldig flott ting viss vi bruker han rett, men då kan vi ikkje bruke han éit sekund, så hive han.

– Ingen garanti

I Noreg skal ei miljøavgift syte for ei ordning der kassene blir brukte om igjen eller støypte om til andre produkt, fortel kommunikasjonsdirektør i Sjømat Norge, Are Kvistad.

– Når det gjeld utlandet har ikkje vi oversikt korleis kjøparane handterer emballasjen. Ein ringerunde viser at eksportørar seier at dei har inntrykk av at det er same type ordningar som vi har i Noreg, i dei fleste andre land som tek imot sjømat frå Noreg, seier Kvistad.

Korleis kan de vite at dei ordningane er like gode som i Noreg?

– Det har vi ingen garanti for. Men det er klart at dette er ein stor ressurs, det er ganske store mengder som går ut. Det er grunn til å tru at det også blir sett på som ressurs i andre delar av verda, og blir teke hand om på ordentleg måte.

– Få alternativ

Erling Nesse i firmaet Nesseplast lagar tusenvis av slike isoporkasser i året. Han trur like gode alternativ kan vere vanskeleg å finne.

– Då må ein tilbake til trekasser eller papp. Det finst alternativ, men ikkje med den isolasjonsevna som isopor har.

Martin Malkenes meiner internasjonalt samarbeid er løysinga.

– Noreg bør eigentleg gå i front for ein internasjonal plastavtale som MDG har blitt nedstemt på Stortinget for. Å få til ikkje berre at vi skal samarbeide om det, men at vi går inn med konkrete tiltak og konteinarløysingar i problemområde.