Hopp til innhold

Ekspertar: Utan tvang, få samanslåingar

Utan bruk av tvang vil kommunestrukturen i stor grad bestå, meiner professorane Frank Aarebrot og Jørgen Amdam. – Mislukka som reform utan tvang, seier Amdam.

Frank Aarebrot

HANDLEKRAFT: Frank Aarebrot seier regjeringa må fatta vedtaka om det skal bli mange samanslåingar, og stiller spørsmålsteikn ved handlekrafta til regjeringa.

Foto: Åge Algerøy / NRK

– Dersom sentrale styresmakter og departementet verkeleg ønsker samanslåingar og meiner det er tungtvegande argument for det, då må dei fatte vedtaka, seier professor ved UiB, Frank Aarebrot.

Nærare 750 kommunar vart redusert til om lag 450 på 1960-talet. Det var brei semje om reforma på Stortinget og kommunane hadde ikkje anna val enn å lystre.

– Mislukka som reform

I dag er det ikkje vilje til tvangssamanslåing av dei 428 kommunane på landsplan og 26 i Sogn og Fjordane.

Professor Jørgen Amdam, som også er lokalpolitikar for Ap i Volda, trur endringane i kommunestrukturen vil bli minimale, dersom ein ikkje brukar tvang.

Jørgen Amdam

PROFESSOR: Jørgen Amdam.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Det betyr at dette ikkje er noko reform. Dette er ei slags form for tilpassing. Som reform vil det då vere mislukka, sett i forhold til ambisjonane og annonseringa i starten, seier Amdam.

Statssekretær i kommunaldepartementet, Jardar Jensen (H), har tru på mange samanslåingar, trass i at han seier at tvang er for «heilt spesielle tilfelle» og berre skal brukast «heilt unntaksvis».

– Eg synest ein skal vere forsiktig med å konkludere no, midt i prosessen. Eg trur vi får samanslåingar nok til å kalle dette ei reform. Den lokale leiarskapen som kommunane viser no er eg heilt sikker på at vi får resultat av, seier Jensen.

– Mangel på handlekraft

Frank Aarebrot stiller seg undrande til at regjeringa ikkje lenger vil bruke tvang for å få til samanslåingar.

– Solberg-regjeringa hadde som eit av sine viktigaste slagord i valkampen for to år sidan at dei skulle vise beslutningskraft. Dette er ikkje eit eksempel på beslutningskraft, seier professor ved UiB, Frank Aarebrot.

Jardar Jensen (H) avviser at regjeringa viser mangel på handlekraft ved å la kommunesamanslåinga vere frivillig.

Jardar Jensen

STATSSEKRETÆR: Jardar Jensen.

Foto: Torbjørn Tandberg / KMD

– Dette er eg heilt ueinig i. Aarebrot meiner mangt og meget. At denne regjeringa viser handlekraft på mange område, også dette, trur eg nok dei aller fleste er einige om, seier statssekretæren.