Hopp til innhold

Dyngeland: – Eg prøvde å ta til meg så mykje læring som mogeleg

FOSSHAUGANE CAMPUS (NRK): Mathias Dyngeland var i går tilbake i Sogndal-målet, etter ei dryg veke på si første samling med det norske herrelandslaget.

Trening herrelandslaget i fotball.

TRENING: Under landslagssamlinga fekk Mathias Dyngeland (t.h.) trena dagleg med Ørjan Håskjold Nyland (t.v.) og Rune Almenning Jarstein.

Foto: Jon Olav Nesvold / NTB scanpix

– Eg fekk trent med landets to beste keeperar, og eg prøvde å ta med meg så masse læring som mogeleg, seier Dyngeland til NRK.

Han har nettopp heldt nullen for Sogndal mot medaljekandidat Odd, men medan fleire av lagkameratane har hatt ein kort ferie har Dyngeland vore på si første samling med A-landslaget.

Dyngeland var overvelda då namnet hans stod på lista til landslagstrenar Lars Lagerbäck til kampane mot Sverige og Tsjekkia.

Og trass i at det ikkje vart speletid, så fekk han mykje ut av samlinga.

Detaljar

For i uavgjortkampane mot Tsjekkia og Sverige var det Rune Almenning Jarstein og Ørjan Håskjold Nyland som stod kvar sin kamp.

– Dei tok godt vare på meg og eg fekk sett korleis dei jobbar. Dei er ekstremt opptatt av dei små detaljane i den daglege treninga, og det skal eg ta med meg vidare, seier Dyngeland.

For Nyland og Almenning Jarstein har til saman nesten 75 kampar i landslagsdrakta.

– Eg håpar eg kan nytta det eg lærte til å utvikla meg til å bli like god som dei i framtida, seier Dyngeland.

For Dyngeland har ambisjonar om å ta steg i karrieren.

– Eg håpar å utvikla meg slik at eg kan ta eit steg karrieremessig, men akkurat no har eg fullt fokus på det som skjer i Sogndal, seier han.

God stemning

Det har storma rundt det norske landslaget, som har underprestert i VM-kvalifiseringa. Sjansane til å ta seg til VM vart knust, då laget tapte 2–0 borte mot Nord-Irland i mars.

Privatlandskamp i fotball mellom Norge-Sverige

Lars Lagerbäck

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

– Eg merka i starten av samlinga at dei var prega etter den kampen, men utover i den første veka slepte folk seg meir laust. Den gode andre omgangen mot Tsjekkia hjelpte veldig på, seier Dyngeland.

Og han er full av lovord om svensken som er norsk landslagssjef.

– Han er ein utruleg snill og positiv trenar. Eg er sikker på at landslaget vil heva seg med han som trenar, seier Dyngeland.

Fotballandslaget trener.

HUMØR: Mathias Dyngeland og Ohi Omoijuanfo var i godt humør under treningane med landslaget.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix