NRK Meny
Normal

Feriefotball på Fosshaugane

FOSSHAUGANE CAMPUS (NRK): Feilpasningar og tallause frispark prega 0–0-kampen mellom Sogndal og Odd, som var den første etter to veker med landslagspause.

Eliteserien fotball 2017: Sogndal - Odd Eliteseriekampen i fotball mellom Sogndal og Odd på Fosshaugane Campus.

SJANSE: Sogndal kom nærast scoring i første omgang, etter denne sjansen ved Martin Ramsland. Men Odd-keeper Sondre Rossbach var kjapt nede å ordna opp.

Foto: Christian Blom / NTB scanpix

  • Saka vert oppdatert.
Laster innhold, vennligst vent..

Kveldens kamp på Fosshaugane går neppe inn i historieboka som ein minnerik kamp, for begge lag var ekstremt upresise i pasningsspelet og hadde knapt avslutningar på mål.

– Dette tar karane i hamn. Alt i alt heilt greit. Det var spesielt ein 16-åring som imponerte, seier Sogndal-trenar Eirik Bakke til Eurosport.

Bakke siktar til 16 år gamle Johan Hove som fekk moglegheita frå start for Sogndal.

– Det var utruleg stort. Då eg fekk beskjeden ein time før kampen pumpa hjartet ekstra, men i det dommaren sette i gang kampen så var nervøsiteten vekke, seier Hove til NRK.

Eliteserien fotball 2017: Sogndal - Odd Eliteseriekampen i fotball mellom Sogndal og Odd på Fosshaugane Campus.

Johan Hove.

Foto: Christian Blom / NTB scanpix

Odd hadde det spelemessige overtaket, men klarte ikkje å vera presise nok på den siste tredjedelen av bana. Sogndal på si side fekk fleire gode kontringssjansar, men dårlege val i avgjerande augneblink gjorde at det ikkje vart farlege sjansar av det.

Den største sjansen etter pausen kom på nettopp ei kontring, men Martin Ramsland si avslutning vart for dårleg og enkel for Odd-målvakta å avverja.

Odd står med 0–0-resultatet framleis med berre 11 scoringar på 13 kampar.

– Poengdeling her er heilt greitt, det er ein vanskeleg bortekamp, men vi skulle tatt vunne heime mot Brann og Molde der vi var klart best. Hadde vi gjort det hadde vi toppa tabellen, seier Dag-Eilev Fagermo til NRK.

Feriefotball

Den første omgangen var av det keisame slagete. Odd hadde ballen mest, men begge lag var upresise i pasningane og det vart ikkje skapt ein einaste stor sjanse.

Sogndal fekk ein halvsjanse rett før halvtimen var spelt av første omgang. Gilbert Koomson kom seg ned til kortlinja og fekk lagt ballen ut 45-grader til Martin Ramsland, men Odd-keeper Sondre Rossbach var raskt nede å redda.

Det som gav heimefansen mest å jubla for var Ulrik Fredriksen si susande takling på Riku Riski fem minutt før pause. Begge gjekk rett på ballen samtidig og det kom eit stort smell, til stor applaus frå heimefansen.

Statistikken mellom desse laga i Sogndal viser 5-1-4. Verdt å merke seg derimot er at Odd har vunne fire av dei fem siste kampane på Fosshaugane. Same oppgjer i fjor enda 0–1 etter mål på straffe av Jone Samuelsen.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser