Hopp til innhold

Dumpa betongrestar og plast rett i fjæra

VÅGSØY (NRK): Betongslam, restbetong og plastfiberstrimlar har blitt dumpa rett i sjøkanten. No får bedrifta krass kritikk frå miljøstyresmakter og politikarar.

Restbetong i sjøen

SJØDEPONI: Restbetong frå Vågsøy Ferdigbetong har blitt tømt i sjøen og sjøkanten i Vågsvåg.

Foto: BJARNE ELDEVIK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Vågsøy Ferdigbetong har dumpa betongslam og restbetong i fjæra. Samstundes finn lokalbefolkninga mengder med plastfiberstrimlar langs strendene. Plasten er også frå betongproduksjonen.

Spesialavfallet har enda i fjæresteinane i Vågsvåg i Vågsøy kommune. Vågsøy Ferdigbetong får skarp kritikk av Fylkesmannen, som har hatt tilsyn hjå verksemda.

Sprøytebetong kan innehalde tusenvis av små plastbitar som vert brukt som armering. Slike fem centimeter lange plastbitar skal vere eit syn som mange har støytt på i fjæresteinane i området.

LES OGSÅ: Fann plast i magen på kvalen

Plaststrimlar i fjæra

PLASTSTRIMLAR: Plaststrimlane på biletet er fem centimeter lange og er funne i fjæra i området.

Foto: NRK

Betongslam rett i sjøen

Fylkesmannen avdekte under tilsynet sist haust at betongslam og vaskevatn kunne gå direkte i sjøen, utan å bli filtrert.

I tillegg har restbetong blitt dumpa i sjøkanten. Slike restar skal gå til mottak som næringsavfall.

Fylkesmiljøvernsjef Nils Erling Yndesdal seier saka er alvorleg:

– Denne typen deponering skal godkjennast av Fylkesmannen, men den slags "deponi" som er gjort i Vågsvåg vil nok uansett ikkje bli godkjent.

Vågsvåg i Vågsøy

VÅGSVÅG: Vågsøy Ferdigbetong ligg i Vågsvåg ytst i Nordfjord. Folk i området har reagert på ureininga.

Foto: Bjarne Eldevik

– Betongen sklei rett og slett

Dagleg leiar Per-Kristian Steenslid i Vågsøy Ferdigbetong vedgår utslepp av plastfiber, men seier det var eit enkeltståande uhell.

– Det var eit eingongstilfelle, det var ein uheldig konsekvens.

Kva var det som skjedde?

– Det var rett og slett at betongen sklei ned i sjøen og vatna seg ut.

Har de gjort noko for å rydde opp?

– Ja, ikkje i sjølve Vågsvågstanda, men akkurat der som vi var samla vi opp i dette tilfellet der.

Kvifor har de ikkje gjort noko i Vågsvågstranda?

– Eg var ikkje klar over det før du stilte spørsmålet i stad.

Strand med betongrestar i Vågsvåg

BETONGSTRAND: Betongrestar i fjæra ved Vågsøy Ferdigbetong.

Foto: NRK

Skal slutte med restbetong i sjøkanten

Steenslid seier dei no skal slutte med feil handtering av slamvatn og restbetong. Han seier dei trudde betongfyllinga var lovleg. Steenslid meiner betong ikkje har enda i sjøen.

– Vi var eigentleg ikkje klar over at det var ulovleg å plastre slik vi har gjort.

Kan folk vere trygge på at de framover skal drive etter krava?

– Heilt klart, folk kan vere trygge på at det ikkje blir meir forureining, eller forureining; dette er jo eit naturmateriale.

Sterke reaksjonar

Vågsøy Ferdigbetong har fått gebyr på 12.100 kroner og varsel om tvangsmulkt om det ikkje vert rydda opp. I tillegg må utsleppsområdet undersøkast for tungmetall.

– Det er såpass mykje som må ordnast her at vi må legge eit løp for å få ting på plass, seier Nils Erling Yndesdal.

Også lokalbefolkninga har reagert og kontakta Martin Malkenes i Miljøpartiet Dei Grøne for hjelp til å fronte saka.

– Det er urovekkande at vi i 2017 har verksemder som slepp denne typen avfall rett ut i naturen, seier Malkenes.