Hopp til innhold

Rusta hengjardrag tolte ikkje påkjenninga

Innvendig rust er årsaka til at ein hengar med 16 500 liter bensin sleit, og seinare byrja å brenne i Skatestraumtunnelen i sommar.

Hengarfestet som sleit då hengaren losna

SLEIT: Langvarig rust er årsaka til at ein hengar losna og byrja å brenne i Skatestraumtunnelen i Bremanger.

Foto: Quirinus Adrichem

Det er konklusjonen til Statens Havarikommisjon for Transport.

Den 18 år gamle hengaren vart godkjend av Statens vegvesen to og ein halv månad før brannen i Skatestraumtunnelen i Bremanger. Metallurgiske undersøkingar viser at draget ikkje tolte belastninga dei vart påført under køyring.

Avdelingsdirektør i Statens havarikommisjon, Rolf Mellum

UNDERSØKJER: Avdelingsdirektør i Statens havarikommisjon, Rolf Mellum, seier dei ikkje er ferdige med alle sine undersøkingar av Skatestraumtunnelen.

Foto: Anette Holth Hansen / NRK

– Undersøkingane viser at materialstyrken var sterkt redusert på grunn av langt framskriden innvendig korrosjon, seier avdelingsdirektør Rolf Mellum.

Uviss årsak

Restar av tilhengjardraget har vore analysert hos eit uavhengig laboratorium. Statens Havarikommisjon for Transport vil i tillegg til dette undersøke korleis brannen utvikla seg, og spreidde seg til botnen av tunnelen .

Det vart tidleg stadfesta at hengardraget vart rive av nær innfestinga i tilhengaren. Ein har førebels ikkje funne årsaka til kvifor rusten starta.

– Det er ein del som vidare undersøkingar skal setje fokus på. Det vi veit er at tilhengjardraget er av eldre dato og det blir utsett for mange ulike miljø på vegen, seier Mellum.

Inne i Skatestraumtunnelen

Var sveisa

Draget har vore sveisa, men det er førebels uvisst kva det har hatt å seie. Avdelingsdirektøren seier dei no vil søkje å finne ut kvifor rusten fekk utvikle.

– Vidare undersøkingar vil fokusere på korleis korrosjonen i dragstengene kunne utvikle seg så langt utan at dette forholdet vart avdekka, seier Mellum.

– Burde det har vore oppdaga?

– Det kan vere nærliggande å tenkje og det er av dei tinga vi skal gå inn i i samarbeid med dei som har hatt moglegheit til å sjå på det og dei som køyrer køyretøyet.

Held fram undersøkinga

Uhellet skjedde 15. juli i år. Ingen personar vart skadde i den eksplosjonsarta brannen. Tunnelen vart påført store skader som gjer at den først mot slutten av året blir opna for fri ferdsle .

Rekninga for brannen vil komme på over 50 millionar kroner, inkludert kostnadane med ei mellombels ferjerute mellom Smørhamn og Kjelkenes. Mellum vil ikkje forskottere kva tilrådingar ein eventuelt vil komme med i samband med granskinga.

– Vi har avtalt møte med involverte og vil be om den informasjon som vi kan få og som er tilgjengeleg for å sjå kva som kunne vore gjort annleis eller kva som ligg bak det som har skjedd, seier han.