Hopp til innhold

Gjer alt for å løyse mysteriet i Skatestraumtunnelen

Kva gjorde at tilhengaren losna? Kva gjorde at mange menneskeliv vart sette i fare etter eksplosjonen og brannen i Skatestraumtunnelen? Havarikommisjonen har bestemt seg for ei full gransking.

Skatestraumtunnelen blir stengd i eit halvt år

EKSPLOSIV BRANN: I tillegg til tilhengaren, vil Statens havarikommisjon for transport sjå nærmare på korleis brannen utvikla seg i Skatestraumtunnelen.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Statens havarikommisjon for transport håpar draget frå tilhengaren som brann opp i Skatestraumtunnelen skal gje svar. I tillegg vil dei kartlegge brannutviklinga etter at tilhengaren med bensin eksploderte.

Det var onsdag 15. juli at vogntoget var på veg frå Måløy til Florø, då hengaren med 16.500 liter bensin losna, trefte tunnelveggen og seinare eksploderte. 15 personar berga seg ut av tunnelen, og ingen kom til alvorleg skade.

Martin Visnes i havarikommisjonen vil ikkje gå inn på kva dei allereie har sett og som kan vere årsaka til at ulykka skjedde, men vil vente til dei har gjennomført fleire analysar.

– Vi har sikra oss draget som hang på bilen då den køyrde ut, og det er uskadd. I tillegg har vi sikra det vi kan når det gjeld rust i brotflatene og slikt. Vi har også fått med oss den delen av hengardraget som stod inn i tunnelen, men det er jo brannskadd. Så får vi sjå kva vi får ut av det, seier Visnes.

Etter forundersøkinga i tunnelen, og etter at dei fekk vraket ut, har havarikommisjonen bestemt seg for å gjennomføre ei full gransking av hendinga.

Havarikommisjonen kjem også til å sjå nærmare på sjølve tunnelen. Brannen spreidde seg til botnen av tunnelen, og Visnes seier dei ønskjer å kartlegge korleis brannen utvikla seg.

– Det har vore veldig stor varme også nede i botnen av tunnelane, altså 4- 500 meter frå der hengaren vart ståande. Målet er også å forstå korleis brannutviklinga er når 16500 liter bensin tar fyr og renn ut frå ein tilhengar inne i ein tunnel.