Hopp til innhold

På bommen tenkte Fannemel på sambygdinane heime - og gav det vesle ekstra

Medan Fannemel hoppa stor bakke laurdag, sat sambygdingane klistra til storskjerm for å følgje med. Lite visste dei om at det gav han litt ekstra energi då han sette utfor for andre gong.

Sochi Olympics Ski Jumping Men

KLEMDE TIL: Anders Fannemel visste at sambygdingane var samla for å sjå han på storskjerm. Difor gav han det vesle ekstra. Det heldt til 5. plass.

Foto: Dmitry Lovetsky / Ap

– Eg tenkte på dei då eg sat på toppen. At eg måtte prøve å ta ut det vesle ekstra når eg hadde sjansen. Det er motiverande når folk støttar meg såpass bra, seier Fannemel.

Sambygdningane i Hornindal var laurdag samla i idrettshallen for å følgje Fannemel på storskjerm då han hoppa i stor bakke. Jubelen stod i taket då 5.-plassen var eit faktum.
5.-plassen i stor bakke er han svært nøgd med.

– Det var ein veldig bra dag for meg laurdag. Det var kjekt å få oppleve, seier Fannemel.

Gjorde store endringar

Han har finjustert forma dei siste dagane, og gjorde også endringar på sjølve hoppdagen.

– Før hoppinga i går hadde eg ganske store endringar klare teknisk sett. Eg var spent på om eg kom til å klare å få til endringane. Det fungerte ganske bra i prøveomgangen, og det vart litt og litt betre i dei to andre hoppa også, seier Fannemel.

Han er ikkje heilt nøgd med førstehoppet, men er alt i alt nøgd med gjennomføringa.

– Det andre hoppet er eg veldig nøgd med. Det første hoppet var for dårleg til at eg kunne vere med å kjempe i toppen. Men eg fekk kjent litt på korleis det er å vere att til slutt, og det var spennande, seier Fannemel.

At han vart beste nordmann i hopprennet i stor bakke, tenkjer han lite på.

– Eg kunne gjerne vorte dårlegast, hadde vi klart å få nokon på pallen, så akkurat det er ikkje så viktig. Men eg er veldig nøgd med mi eiga hopping, og eg hadde håpa at vi skulle klare medalje. Men det var vanskeleg, og eg er berre glad for at eg fekk det ganske godt til, seier Fannemel.

Blir tøff kamp om pallplass måndag

Måndag er det laghopp, og dermed siste sjanse for Fannemel til å komme heim med ein medalje i bagasjen.

– Eg håpar eg klarar å hoppe slik eg gjorde laurdag, og så skal eg gjere om på nokre smådetaljar. Eg håpar vi kan vere med og kjempe om medalje. Det hadde vore ekstra stas å få med seg ein heim. Eg gler meg, seier Fannemel.

Han er klar på at konkurrentane i laghopp er svært sterke og at konkurransen kjem til å bli tøff.

Anders Fannemel

NØGD: - Ein 5. plass i OL er kjempebra, og eg er glad for at eg fekk oppleve det, seier Anders Fannemel.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

– Slik det ser ut no har dei andre ekstremt sterke lag. Dei har svært formsterke hopparar for tida, så det blir ein hard kamp om topplasseringane måndag, seier Fannemel.

Samtidig er han glad for at hoppsporten er inne i ein fase der det er krig om plassane i kvart einaste renn.

– Det er slik det skal vere. Det gjer det spennande, og eg trur ikkje interessa i Europa vert mindre av den grunn. Eg håpar vi kan kjempe om medalje, det hadde vore stort, seier Fannemel.

Får ikkje sett mykje i OL

Viss nokon trur han får med seg andre OL-øvingar medan han er i Sotsji, trur dei feil. Det er meir enn nok som skal gjerast, sjølv om hopparane ikkje har renn på plakaten.

– Vi hadde eigentleg hopping på programmet i dag, men sidan vi har hoppa kvar einaste dag, valde vi å stå over. Det blir roleg, eg skal ha ein joggetur og litt generell styrke for å få kroppen litt på plass att, seier Fannemel.

Etter mange dagar med konsentrert hopping, merkast det litt på kroppen til ungguten.

– Eg kjenner det litt i beina. Når eg går opp trapper, kjem mjølkesyra etter tre trinn. Men vi er ganske vane til slikt køyr, så eg trur det framleis er ganske bra med futt i beina mine, seier Fannemel.

Han kjem derimot ikkje til å vere ringside når fellesstarten går for skiskyttarherrane klokka 16.00.

– Det er såpass kronglete å komme seg rundt her, og langrennsarenaen ligg litt lenger oppe, seier Fannemel.

Prioriterte kvile framfor super-G

Men OL-gullet til Kjetil Jansrud i super-G kunne han faktisk fått med seg, sidan alpinløypa ligg berre eit godt steinkast frå der han bur.

– Men rennet starta så veldig tidleg. Eg var ikkje ferdig med dopingtestar og diverse før langt på natt, så eg prioriterte kvile, seier Fannemel.

Men han har tenkt seg ein tur ned i sentrum for å sjå litt på OL-stemninga.

– Eg må få med meg litt, seier Fannemel.

Om fire veker er det VM i skiflyging i Harakow. Men så langt fram har ikkje Fannemel tenkt.

– No er det OL som er førstefokus. Eg tenkjer sjølvsagt framover, for VM er jo det neste store høgdepunktet. Eg håpar det vert noko eg kan gle meg til, seier Fannemel.

Håpar det blir verdt turen

Den første hopptrenaren til Fannemel, Stig Seljeset, har saman med ein gjeng allereie bestilt seg tur til VM for å følgje gamle-eleven i VM.

– Eg håpar det vert verdt å ta turen for dei, ler Fannemel.

Han har berre rosande ord å seie om gamletrenaren.

– Stig har betydd mykje for meg opp gjennom karrieren. Og det er kjekt å høyre at dei samlast og heiar på meg, seier Fannemel.

Hopparane kjem heim til Norge 20. februar. Då vert det tre-fire dagar på Lillehammer for honndølen, før han set nasen mot verdscupen i Falun.

– Nokon tur til Hornindal vert det ikkje før etter sesongen. Det er NM i Molde i slutten av mars. Då tek eg nok ein tur innom Hornindal, på veg heim til Lillehammer, seier Fannemel.