Hopp til innhold

Her legg han grunnlaget for OL-suksess - Anders har blitt betre på alt sidan fjoråret

LILLEHAMMER (NRK.no): Anders Fannemel har i haust hatt framgang i viktige testar. No handlar alt han gjer om å prestere i høgdepunkta i vinter: Hoppveka, VM i skiflyging - og OL i Sotsji.

Anders Fannemel trenar spenst framfor sesongopninga. Alle testar tyder på at han ligg betre an enn nokon gong før OL-sesongen.

BETRE ENN NOKON GONG: Anders Fannemel leitar etter godkjensla framfor den viktige OL-sesongen. Han ligg betre an enn nokon gong. Sjå korleis han trenar spenst. Foto: Rune Fossum. Redigering: Tone Merete Lillesvangstu

– Eg meiner eg er betre på alt samanlikna med i fjor, seier Anders Fannemel.

NRK.no er med 22-åringen på spensttrening i Håkons Hall på Lillehammer, der Fannemel har lagt ned store treningsmengder etter at han flytta frå Hornindal for å satse på skihopp.

No håpar han å få igjen for treningstimane.

– Eg har iallfall gjort så godt eg kan. Eg manglar dei heilt gode konkurransane på plast i sommar, men det er på snø det gjeld, seier Fannemel.

Har gode resultat på testar

Hopplandslaget gjennomfører jamleg testar av ulik karakter for å ha kontroll på at utøvarane trenar rett. For Fannemel har det i år vore svært oppløftande - sjå berre her:

  • Spensthopp: Ny personleg rekord med 58 centimeter. Framgang på heile to centimeter.
  • Teknikktest: Resultat på 275 - heilt oppunder eigen rekord, trass i smårusk han sjølv meiner han fort kan rette på. Her blir teknikken målt ut frå trykkforandringar og vinkel i foten, svært relevant for prestasjon i bakken.
  • Fysikk: Testar av rørsle og styrke syner at han er der han skal vere - omtrent som tidlegare testar.

– Testane er ikkje direkte overførbare til skibakken. Men det er klart - det hjelper å vere i god fysisk form og treffe med teknikken, smiler Fannemel.

Han held fram:

– Testane mine syner at eg ligg godt an. Eg trur eg har blitt meir stabil. Eg har hatt gode hopp på trening, og eg har betre kontroll på teknikken. Alt er eigentleg betre.

Hugsar du fantomhoppet til Fannemel i Vikersund? Her kan du sjå det igjen:

Video Fantastisk hopp av Anders Fannemel

VERDAS NEST LENGSTE: Sjå Anders Fannemel strekkje seg til 244,5 meter i skiflyging.

Vil vere med til høgdepunkta

Anders Fannemel er mannen heile Norge fekk opp auga for, då han relativt ukjent klinka til med 244,5 meter og verdas nest lengste skihopp under VM i skiflyging i Vikersund i 2012.

Året etter starta med pallplassering i verdscupen på Lillehammer - men så byrja det å gå tyngre. No er Fannemel klar for revansj.

– Det er ein spennande sesong, der høgdepunkta er hoppveka, OL og VM i skiflyging. Eg håpar å få vere med på alt, seier han.

– Men det er klart; det krev litt nivå på det eg gjer. Eg må først vere med og prege renna i verdscupen, før eg kan bli teken ut i troppen, understrekar han.

Scheie: - Fannemel kan ta medalje

Overfor NRK.no er hoppekspert Arne Scheie optimistisk med tanke på det som skal skje i hoppbakken denne vinteren. Han trekkjer fram Anders Bardal som den store favoritten til OL-gull.

Og:

– I tillegg har vi interessante hopparar som Anders Jacobsen, Tom Hilde og Anders Fannemel, som alle kan kjempe om medaljar, seier NRK-kommentatoren.

– Når ein representerer Norge i eit OL, må ein jo også tenkje medalje, kvitterer Fannemel.

(Artikkelen held fram under biletet)

Anders Fannemel i Lysgårdsbakkene

I SITT RETTE ELEMENT: Anders Fannemel har budd på Lillehammer i om lag sju år. Han har tusenvis av hopp bak seg i Lysgårdsbakkene.

Foto: Rune Fossum / NRK

Vart vraka frå den store draumen

Sist sesong vart Fannemel vraka frå den norske VM-troppen. Samstundes gjekk det store målet gjennom seks-sju år i vasken for 22-åringen.

– Det skulle vere mitt første VM, noko eg sette meg som mål på skulen, seier han.

– Men eg visste også at eg ikkje hadde noko der å gjere. Eg var ikkje god nok. Så det var greitt. Samstundes hadde eg jo heller ikkje sett for meg å komme på pallen i verdscupen så tidleg som i fjor, seier Fannemel og gliser.

Mål: Bli verdas beste skihoppar

Sidan mai har han saman med landslaget hatt over 100 samlingsdøgn - det meste på ulike stader i Europa.

No ventar samling i Oslo i helga. Så håpar honndølen å komme med i troppen til verdscupopninga i Klingenthal helga etter. Så går det slag i slag utover vinteren.

– Kva vil du med idretten?

– Eg håpar å bli verdas beste. Så får vi sjå kor langt eg kan komme.

Anders Fannemel styrketrening

VIKTIG ARBEID: Innsatsen Anders Fannemel har lagt ned i styrkerommet er i ferd med å gi utteljing. Honndølen trur det kan gjere han meir stabil i OL-sesongen.

Foto: Rune Fossum / NRK