Hopp til innhold

Meiner Fannemel snart vil hevde seg i toppen i kvart renn

Tidlegare sportssjef og ekspertkommentator i Hopp, Jan-Erik Aalbu, gler seg til Anders Fannemel leverer stabile hopp. – Då vil han vere i verdstoppen i kvart renn.

Anders Fannemel i svevet som sikra han tredjeplass etter første omgang av nyttårshopprennet.

EIN AV VERDAS BESTE TIL Å FLY: Anders Fannemel i svevet som sikra han tredjeplass etter første omgang av nyttårshopprennet.

Foto: Solum, Stian Lysberg / NTB scanpix

– Anders Fannemel er ein hoppar med enormt stort potensial. På sitt beste hoppar han på enormt høgt nivå, seier Jan-Erik Aalbu, som sjølv har vore hoppar og ekspertkommentator for NRK i hopp.

Jan Erik Aalbu

HAR TRUA PÅ FANNEMEL: Tidlegare sportssjef for hopparane meiner at Anders Fannemel kan bli ein av verdas beste hopparar.

Foto: Solum, Stian Lysberg / SCANPIX

Anders Fannemel frå Hornindal hamna under dagens renn under Hoppveka på 7. plass, og hoppa seg dermed inn til ein 19. plass samanlagt i dei tradisjonsrike renna, som blir gjennomført ved kvart nyttår.

Sjølv med ei god avslutning, har det også vore mindre vellukka hopping av Fannemel under hopprenna den siste veka.

Fannemel gjekk frå å vinne kvalifiseringsrennet eine dagen, til å ikkje klare å kome seg vidare til andre omgang då det verkeleg gjaldt.

– Fannemel gjer at hopping ser enkelt ut

Aalbu, som var sportssjef for hopplandslaget på 2000-talet, meiner Fannemel vil få meir sjølvtillit og tryggleik etter kvart, og at det då blir alvorleg moro å følgje Honndølen.

– Ein kan aldri garantere i ein utandørsidrett, men eg er trygg på at når han får meir tid på seg, så vil han bli svært god. Eg ventar på den dagen han får stabiliteten som dei beste hopparane har. Han er lett og fin i kroppen, har herleg teknikk og flyt godt.

Den tidlegare ekspertkommentatoren meiner at Fannemel allereie denne sesongen vil stabilisere seg på eit jamnare nivå.

Anders Fannemel

UJAMN HOPPING TIL NO: Anders Fannemel enda samanlagt på 19. plass i Hoppveka, og leverte både veldig gode og mindre gode hopp.

Foto: NRK

– Han har synt at han kan under fleire renn i år, og eg er overbevist om at det vil kome. Eg meiner han vil vere med å kjempe om samanlagt sigrar i verdscupen etter kvart.

OL-billetten bør vere i boks

Aalbu er imponert over den unge hopparen og seier han vil bli overraska om det norske landslaget reiser til OL utan Fannemel.

– Eit norsk lag utan han ser eg ikkje for meg, då må det skje noko med forma hans.

Sjølv om Aalbu meiner at Fannemel gjer det meste rett, så er han også tydeleg på kva som kan gjerast betre.

– Anders er ein av verdas beste til å fly, forme kroppen og vere i svevet. Men, han har litt igjen å gå på når det gjeld å trykke ned, og få best mogleg høgde og effekt ut av hoppkanten. Når han får til det, då vil det berre vere kjekt å sjå han på fjernsyn, forsikrar Aalbu.