Hopp til innhold

Her er Anders 12 år. Åtte år seinare gjer han tidenes nest beste skihopp

Anders Fannemel skulda på astma då han kutta ut skiskyting til fordel for hoppsporten. 12 år gammal møtte han opp på si første trening med utdatert utstyr...

Anders Fannemel i dag - og som 12-åring

BYRJA SEINT: Anders Fannemel er mellom dei beste hopparane i verda, men byrja uvanleg seint med skihopping. På biletet til høgre er han saman med vennene på Team Vest i 2004, til venstre er han under VM i Vikersund.

Foto: Rune Fossum/Privat

Då Anders Fannemel klinte til med verdas nest lengste skihopp gjennom tidene, var det ganske nøyaktig åtte år sidan han byrja med hopping.

Den gongen dreiv 12-åringen med skiskyting som så mange andre i Stryn og Hornindal – men valet han tok skulle vise seg å vere gull.

– Eg brukte astma som unnskyldning for at eg ikkje var så god som dei ande. Eg var ganske liten, og hadde ikkje hadde ikkje fysiske føresetnader for skiskyting, seier Anders Fannemel til NRK.no.

– Eg vart fort hekta av meistringskjensla, sjølv om det berre var hopping i ein 15-metersbakke.

– Surrealistisk og uverkeleg

Vinteren 2004 var det junior-VM i Bjørkelibakkane i Stryn. Der deltok Thomas Morgenstern – Fannemel sitt store førebilete den gongen.

Austerrikaren vart nummer to i meisterskapen. Åtte år seinare kjempar Fannemel sjølv om edelt metall mot Morgenstern.

Og: Det er ikkje lenger tvil om kven av dei to som har det lengste hoppet...

Under VM i skiflyging i Vikersund klinka Fannemel til med tidenes nest lengste skihopp.

– Det er eigentleg heilt surrealistisk og uverkeleg. Det har gått så utruleg fort, seier Fannemel.

(Artikkelen held fram under biletet)

Anders Fannemel i Vikersund

GIGANTEN: Anders Fannemel er berre 169 centimeter høg, og blir liten samanlikna med Vikersundbakken. Etter helga er begge gigantar innan skiflyging.

Foto: Rune Fossum / NRK

Sjefen har følgt Fannemel frå starten

Ifølgje pappa Ola Rasmus Fannemel troppa den purunge Anders opp med langrenns- eller turski på si første hopptrening i Bjørkelibakkane.

Anders meiner sjølv det var utrangerte hoppski, men uansett: Starten på karrieren står i kontrast til gjennombrotet på den internasjonale stjernehimmelen under VM.

– Eg vart kontakta om Anders allereie tidleg i karrieren hans. Han starta seint, og eg må seie det har vore moro å følgje han. Det er artig med dei som fell utanfor det tradisjonelle mønsteret. Ein treng nemleg ikkje starte som 6-åring for å hoppe nest lengst i verda, seier landslagssjef Clas Brede Bråthen.

– Anders er nok ekstremt heldig i det at han har fått med seg bra bagasje for å kunne bli ein solid skihoppar. Han er roleg, sindig og har ein bra fysikk, seier han til NRK.no.

(Artikkelen held fram under biletet)

Anders Fannemel og Clas Brede Bråthen

GODE RÅD: Hoppsjef Clas Brede Bråthen (t.h.) har følgt utviklinga til Anders Fannemel sidan han var 13–14 år. No ser han fruktene av samarbeidet.

Foto: Rune Fossum / NRK

Uverkeleg oppleving for foreldra

Under VM slo Fannemel ikkje berre til med 244,5 meter og verdas nest lengste skihopp gjennom tidene.

Han sikra seg også ein solid 13. plass i VM-debuten, og det vart ein fjerdeplass i laghoppinga.

For foreldra Ellen Bodil Kirkeeide og Ola Rasmus Fannemel har VM vore så enormt at dei nesten må klype seg i armen.

– Draumen hans har nok ikkje vore i nærleiken av dette. For oss har det vore eventyrleg berre å få oppleve det, seier mamma Ellen Bodil.

– Anders set seg mål, og går for det. På oss verkar det som at han konsentrerer seg om det han skal, seier ho.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ellen Bodil Kirkeeide og Ola Rasmus Fannemel

PÅ PLASS: – Det er heilt eventyrleg å vere til stades og oppleve dette, seier Ellen Bodil Kirkeeide og Ola Rasmus Fannemel.

Foto: Rune Fossum / NRK

Vil kjempe om meisterskapstitlar

Overfor NRK.no vedgår Anders Fannemel at utviklinga har gått uverkeleg fort sidan han starta med skihopping for åtte år sidan.

Likevel har han allereie sett seg nye store mål for karrieren.

– Eg håpar eg skal klare å utvikle meg vidare. Eg vil gjerne vere med og kjempe om verdscupen samanlagt – og alt det andre store ein kan vere med og kjempe om, seier 20-åringen.