Hopp til innhold

Slik heia gamletrenaren på Fannemel - no vil han sjå gamle-eleven ringside i VM

Stig Seljeset var den første hopptrenaren til Anders Fannemel. Laurdag stod han i spissen då honndølane heia Fannemel til 5. plass. No er han klar for tur til VM i skiflyging om éin månad.

Created by InfoDispatcher

JUBEL: Honndølene hadde trua, og kunne sleppe jubelen laus då Anders Fannemel strekte seg til 132 meter også i andre omgang. Foto/redigering: Arne Vik

– Dette er stort! Eg har nesten ikkje komme ned att på jorda endå, seier Seljeset rett etter at hopprennet var ferdig.

Han og ein gjeng har allereie bestilt seg tur til Harakow, der VM i skiflyging vert arrangert om nøyaktig éin månad.

– Vi satsa på at han vart kvalifisert, og det er han iallfall no. Eg gler meg som ein unge. Det har eg gjort lenge, men no vart det litt ekstra. Det vert stort, seier Seljeset.

Honndølane strøymde til den nye idrettshallen i Hornindal allereie klokka 17.30, ein god time før hopprennet starta. For oppvarming må til, også for dei som berre skal sjå på. Nær 150 personar hadde teke vegen for å sjå bygda sin store son gjere sitt yttarste i stor bakke.

Var sikker på at det var meir i vente

Då Fannemel hoppa i første omgang og plasserte seg på ein 7. plass, skjønte trenaren at det var meir i vente.

– Det var full jubel og eg tenkte at hoppar han slik i neste omgang, så kan han avansere. Men at han skulle prestere slik i andre omgang? Nei, det var heilt fantastisk, seier Seljeset, om sin tidlegare elev.

Han tykte andre hoppet til Fannemel var svært bra.

– Å dra slik til og setje nedslag, det seier alt om at det var eit godt hopp. Det var fullt på høgde med dei som fekk medalje, seier Seljeset.

Spenninga Då Fannemel sette nedslag i andre omgang, vart honndølane heilt ville.

– Eg må vel seie at det var litt ekstase her ei stund. Det eksploderte fullstendig, seier Seljeset.

(Artikkelen held fram under videoen)

Video Fantastisk hopp av Anders Fannemel

KJEMPEHOPPET: Her hoppar Anders Fannemel 244,5 meter i Vikersund for to år sidan.

Var full klaff

At det skulle klaffe slik at Fannemel vart beste nordmann medan honndølane var samla for å heie, tykkjer han er ekstra kjekt.

– Det var full klaff. No går folk berre rundt med eit stort smil om munnen og er kjempeglade for at dei tok turen ned, seier Fannemel.

– Trur du heiinga frå heimbygda hadde noko å seie for resultatet?

– He-he, nei, det trur eg nok ikkje. Men Anders visste at vi skulle samlast, for det sa eg til han før han drog nedover. Han har sagt at han set stor pris på at vi følgjer med på det han gjer, seier Seljeset.

At det ikkje vart medalje, la ingen dempar på stemninga i Hornindal.

– Nei, dette var ei flott plassering. Det har aldri vore så sterk konkurranse i hopp enn kva det er i dag. Eg har stor tru på resten av sesongen. Anders hoppar veldig jamt og stabilt, seier Seljeset.

(Artikkelen held fram under biletet)

Honndøler som venta

SPENTE: Spenninga var til å ta å føle på rett før Fannemel hoppa. Også ordførar Anne-Britt Øen Nygård (t.h.) hadde teke turen for å heie på Anders Fannemel.

Foto: Arne Vik / NRK

Held fram feiringa utover kvelden

Seljeset var den første trenaren til Fannemel, og han tykkjer det er stas at han som ein gong var ein ung elev, no er i verdscup- og OL-sirkuset med dei store.

– Eg er stolt og privilegert over at eg fekk vere med i starten, seier Seljeset.

Anders Fannemel representerer framleis Hornindal IL. Han debuterte internasjonalt i FIS-cupen i Falun i 2007. I 2009 debuterte han i verdscupen med ein 10. plass.

Mange hugsar nok framleis fantomhoppet då han under VM i skiflyging i Vikersundbakken 2012 sette ny personleg rekord med eit skihopp på 244,5 meter.

– Det er fantastisk. Vi er utruleg stolte av han og at han kjem herifrå, seier Seljeset.

Sjølv om hopprennet for lengst er over, har ikkje honndølane tenkt å ta kvelden heilt endå.

– Nei, her blir vi ei stund. No må vi fordøye det heile, og nyte det litt til. Eg er så utruleg glad, seier Seljeset.