Hopp til innhold

Dette meiner dei om politireforma

Venstre og Høgre trur politireforma gir betre tenester i Sogn og Fjordane, men dei får sterk motbør frå Arbeidarpartiet og Senterpartiet.

Stortingsbenken frå Sogn og Fjordane

USAMDE: Stortingsbenken til Sogn og Fjordane. F.v.: Liv Signe Navarsete (Sp), Bjørn Lødemel (H), Ingrid Heggø (Ap) og Sveinung Rotevatn (V)

Foto: Fotomontasje

– Eg er veldig i mot å slå Sogn og Fjordane saman med Hordaland politidistrikt der dei har vist at dei ikkje gjer det aller beste politiarbeidet, seier stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet, Ingrid Heggø.

Ho er sterk motstandar av det ho fekk presentert av statsministeren og justisministeren i går.

27 politidistrikt i landet skal bli til 12, og Sogn og Fjordane ligg an til å bli slått saman med Hordaland.

– Dette er jo ein nærpolitireform i aller høgste grad. Her ønskjer ein å styrke polititenestene ute i distrikta og bygdene, seier stortingsrepresentant frå Sogn og Fjordane Høgre, Bjørn Lødemel.

Han stiller seg dermed fullt bak si eiga regjering sitt forslag til politireform.

Nødvendig reform

Sveinung Rotevatn, stortingsrepresentant for Venstre, seier at konklusjonane både i 22. juli-kommisjonen sin rapport og Politianalysen som følgde i etterkant, gjer at ny politiorganisering var nødvendig.

– Den reforma vi no legg fram for stortinget kjem til å styrke beredskapen både i Sogn og Fjordane og landet elles, seier han og meiner 12 politidistrikt er eit godt tal.

– Når ein no skal gjere endringar i talet lensmannskontor framover, så er det viktig for oss at ikkje berre fagetatane bestemmer, men at det er mogleg for politikarane å ta eit ansvar, seier Rotevatn.

Mistar seg kontrollen

Liv Signe Navarsete (Sp) har ei heilt anna tolking enn Rotevatn. I dag er det 354 lensmannskontor, og politisk kontroll over endringar i strukturen. Navarsete seier reforma gir kontrollen over kontora til Politidirektoratet.

– Vi meiner regjeringa sitt forslag vil føre til ei sentralisering av politiet, mindre politi i distrikta og at vi mistar det gode samarbeidet som vi har på tvers av beredskapsetatane, seier Navarsete.

Ho er også skeptisk til at fylket ikkje skal ha sin eigen politimeister og at fagstyret no skal ta over ansvaret for lensmannsstrukturen i landet.

Gir ikkje opp kampen

Verken Navarsete eller Heggø har gjeve opp kampen for å få Stortinget til å presse gjennom endringar, når regjeringa og Venstre skal jakte eit breiare fleirtal for den store reforma.

– Dette vil vi endre. For det vil ikkje bli fleire politifolk ute i distrikta med denne reforma, seier Heggø.

– Eg vil ikkje kalle det ei sentralisering. Det gjeld berre leiing. Nærpolitiet skal styrkast, seier Lødemel.