Hopp til innhold

Dette må du gjere om du kjem først til ei ulukke

Mange veit ikkje kva dei skal gjere om dei kjem først til ein ulykkesstad. – Sikre, varsle, hjelpe er det som gjeld, seier ambulansearbeidar og sjukepleiar Tina Falch Eide.

Tina Falch Eide

AMBULANSEARBEIDAR: Tina Falch Eide gir ofte livreddande behandling til personar som har blitt skadde i bilulykker.

Foto: Rune Fossum Lillesvangstu

– Berre ein liten krasj kan vere traumatisk, fordi det er noko ein ikkje har kontroll på og ikkje er vant til å vere borti, fortel ambulansearbeidar Tina Falch Eide i Helse Førde.

Det skjer fleire trafikkulykker om sommaren, enn resten av året. I Sogn og Fjordane har ulykkesstatistikken gått opp det siste halvåret.

Tal frå Statistisk sentralbyrå viser at 830 personar vart skadde i trafikken i Norge i juni. Dette er over gjennomsnittet som ligg på 633 skadde i månaden dei siste fem månadene. Talet på skadde i trafikken i juni kan ventast å bli endå høgare, ifølgje Trygg Trafikk er det eit etterslep på desse tala fordi det tek tid før helseopplysningar blir frigitt frå sjukehusa.

Undersøkingar som tidlegare er gjort av Norsk Luftambulanse viser at svært få sjåførar er sikre på kva dei skal gjere om dei kjem først til ein ulykkesstad.

Eide seier det ein gjer når ein kjem først til ein ulykkesstad, kan vere livsviktig.

– Den største feilen er å ikkje gjere noko. Å bli ståande passiv når det er småting som skal til, som å løfte hovudet på den som er skadd slik at personen får puste.

Svært få norske sjåførar veit kva dei skal gjere om dei er først på ein ulykkesstad

– Folk er usikre

– Tenk først på eigen tryggleik. På med refleksvest, ut med varseltrekant, passe på at det ikkje kjem andre bilar. Få oversikt over kor mange som er involvert og så ringe til oss, seier Helene Sæterdal som er seksjonsleiar på AMK i Førde.

Ho tek i mot telefonar frå folk som har kome først til ei ulukke.

Helene Sæterdal AMK

PÅ VAKT: Helene Sæterdal ved AMK Førde guidar folk gjennom kva dei skal gjere når dei er først på ulykkesstaden.

Foto: Rune Fossum Lillesvangstu / NRK

– Mange er usikre på kva dei skal gjere, men vi rettleiar dei og dei får klar beskjed både når det gjeld å sikre skadestaden og gjere pasientbehandling.

Sikre, varsle, hjelpe

Stiftinga Norsk Luftambulanse har utarbeidd retningslinjer for kva ein bør gjere, det handlar om å sikre – varsle – hjelpe.

Ambulansearbeidar Eide seier at dette er ei viktig rekkefølge å huske på.

– Sikre, varsle, hjelpe er det som gjelder.

Ho kjem ofte tidleg til staden og seier det kan vere kaotisk for dei som kjem først.

Tina Falch Eide

REDDAR LIV: Å sikre at den skadde har frie luftvegar kan redde liv, seier Tina Falch Eide.

Foto: Rune Fossum Lillesvangstu

– Det er lett å fokusere på dei involverte som er vakne og i sjokk, men dei har frie luftvegar. Det er om å gjere å fokusere på dei som ikkje pratar og mest sannsynleg er hardast skadd.

Eide seier at ein ikkje må vere redd for å skade pasienten.

– Dei fleste vil ikkje gjere noko som kan skade pasienten i stor grad. Det viktigaste er å halde frie luftvegar, halde dei varme og vere der med dei.