Hopp til innhold

Fleire har blitt skadde i trafikken i fylket

63 personar har blitt skadde i trafikken i Sogn og Fjordane i løpet av dei første halvåret i år. Det er 13 fleire enn i same periode i fjor. Trygg Trafikk ber folk ta ansvar.

Audun Heggestad

TA ANSVAR: Førarane kan sjølve vere med å påverke risikoen for ulukker. Det ansvaret må alle kjenne på, meiner Audun Heggestad i Trygg Trafikk i Sogn og Fjordane.

Foto: Karl Kristian Langeland / NRK

Tre personar har mista livet langs vegane i fylket så langt i år, noko som er like mange som i same periode i fjor. Men når det kjem til talet på skadde i trafikken har det vore ein merkbar oppgang. Tala frå Statistisk sentralbyrå viser at auken var størst i mai og juni i år.

Dette stadfestar statistikkane frå tidlegare år – nemleg at dei fleste alvorlege ulukkene i trafikken skjer i sommarhalvåret. Dei siste vekene har det vore fleire alvorlege ulukker både i Sogn og Fjordane og elles i landet.

– Vi må alle skjerpe oss i trafikken, seier Audun Heggestad som er distriktsleiar i Trygg Trafikk i Sogn og Fjordane.

Dei farlegaste vekene langs vegane

Dei vekene vi er inne i no er dei aller farlegaste på vegane i Norge. Analysar gjort av ulukkene viser at møteulykker er det mest vanlege.

Heggestad seier det er fleire faktorar som gjer at det er større fare for å bli involvert i ei ulukke i trafikken om sommaren enn elles i året.

– Vi veit til dømes at det blir køyrd fleire kilometer om sommaren. Folk skal gjerne på langtur, og det er mange som vil fort fram. Då kan ein ta forbikøyringar der ein tek sjansar, seier han.

Om sommaren er det også fleire sjåførar på vegane som ikkje er vande til å køyre langt. Mange ulukker skuldast at førarane er trøytte eller rett og slett sovnar, seier Heggestad.

– Folk må ta pausar og sørge for at dei heile tida er opplagde. Er føraren trøytt må ein ta seg ein kvil, sjølv om det ikkje er planlagd.

Nye rumlefelt vert frest for å hindra ulykker

FÆRRE ULUKKER: Dei siste fem åra har kilometer på kilometer med veg på Vestlandet fått såkalla rumlefelt. I denne videoen kan du sjå korleis dei blir laga.

Over 80 prosent av dei som mista livet i trafikken i Norge i fjor var menn. Statistisk sett har altså kvinner mindre sjanse for å hamne i ulukker.

– Hald fokus på vegen

Dei siste åra har nesten 500 kilometer med veg på Vestlandet fått såkalla rumlefelt. Dette er nedfelte riller i asfalten som gjer at bilførar blir varsla med lyd og risting om han kjem inn på feltet.

Tiltaket har vist seg svært effektivt, og har ført til minst ei halvering av alvorlege ulukker på strekningane der midten av vegen er frest.

– Dersom ein sovnar og går over i motsett køyrefelt er desse felta meint som ein vekkar. Samtidig er det viktig at folk har fokus på vegen. Førarane må ikkje la seg distrahere av mobiltelefonen eller andre tekniske hjelpemiddel, er den klare oppmodinga frå Heggestad.