Hopp til innhold

Dette er den mest populære songen

Folket har talt: Sogn og Fjordane-songen er favorittsongen blant sogningar og fjordingar. Høyr songen i videoklippet!

Her framført under kabareten til ære for visesongaren Ottar Wiik, som har skreve teksten.

SJÅ: Ottar Wiik (bak til venstre) sin hyllest til Sogn og Fjordane, Kåre Sandvik er mannen bak melodien. Her er det solist Einar Bolstad frå Hafslo som framfører songen saman med lokale musikalske krefter i Vik under kabareten Rundballeri hurra! i november 2015.

NRK Sogn og Fjordane har hatt ei avstemming på nettsida der vi ville kåre songen som vekka mest kjensler for Sogn og Fjordane.

Bakgrunnen for avstemminga var at Stortinget førre torsdag vedtok å slå Sogn og Fjordane saman med Hordaland frå 1. januar 2020. Ei samanslåing som tysdag blei sett på vent.

Dei to fylka har ikkje vore saman sidan 1763. Og med over 250 år som sjølvstendig fylke, har det vore både kranglar og konfliktar, men også samhald og glede.

Mellom anna har songar vore viktige for identiteten i Sogn og Fjordane. Ein jury plukka difor ut ti songar etter innspel frå radiolyttarar og kommentarar på Facebook-sida til NRK Sogn og Fjordane.

Geir Bjarte Hjetland

GLAD FOR RESPONSEN: Nettvaktsjef Geir Bjarte Hjetland seier at 2500 personar røysta.

Foto: Marie Osland / NRK

Det kom inn 2500 røyster og no er resultatet klart: Sogn og Fjordane-songen av Ottar Wiik og Kåre Sandvik fekk flest røyster.

– Dette er songen folk har sett mest pris. Hyllesta til fylket som handlar om kniving mellom regionar og fjord og fjell, men samstundes dette fellesskapet vi kjenner på kvar dag i fylket, seier nettvaktsjef Geir Bjarte Hjetland i NRK Sogn og Fjordane.

Sogn og Fjordane - alle gode ting er tre. Nordfjord, Sunnfjord og Sogn, Nordfjord, Sunnfjord og Sogn

Frå Sogn og Fjordane-songen

Like bak hamna Vilde og Anna frå Eid med songen «Vestlandet». Duoen vann i haust MGP jr. og songen deira er blitt svært populær.

– Den er så fin. Eg fell nesten ei tåre når eg høyrer den, seier Hjetland.

På tredje plass enda «Rynka» frå Høyanger med D/S Fanaraaken.

– Dette er ein av dei mest spelte songane i NRK Sogn og Fjordane, men er også populær i NRK Hordaland. Og ein song folk langs kysten har eit sterkt forhold til, seier Hjetland.

Glad songskrivar

Ottar Wiik blir glad når NRK ringer og seier songen hans har vunne.

– Du verda! Dette er svært gledeleg. Men kanskje på sin plass? Songen er skriven om og for Sogn og Fjordane fylke, og dette er ekstra gledeleg i desse dagar når fylkesframtida står på spel, seier Wiik.

Ottar Wiik

GLAD VINNAR: Ottar Wiik.

Foto: Kjell Vikestad

Han seier æra skal delast med mange. Mellom anna Kåre Sandvik som har laga melodien, Olav Stedje med ny-innspelinga og Einar Bolstad for å gjere songen kjent på sosiale medium.

Han likar også songen til Vilde og Anna, som tok andreplassen i kåringa.

– Det er ein svært vakker song, eg er blitt oppriktig glad i den. Og eg ser at borna har teken den til seg. Det er gledeleg, seier Wiik.

Her kan du høyre alle songane du kunne røyste på

Anna og Vilde

HØYR: Vilde Hjelle og Anna Naustdal frå Eid vann MGP jr-finalen hausten 2016. Songen om kor godt vi har det på Vestlandet har blitt ein stor hit.

Rynka

HØYR: Rynka frå Høyanger har vore ein gjengangar når lyttarane har ønska seg musikk til helsingane dei har sendt inn.