TØMRAR: Erlend Slåtten arbeider som tømrar. Han er lidenskapeleg oppteken av gamalt handverk og det å få gamle gjenstandar til å leve vidare.
FOKUSERT: Jan Inge Dvergsdal sagar av endane på ein plugg.
TØMRAR: Erlend Slåtten slår inn ein plugg.
GRUNDIG: Erlend Slåtten passar på at det nye trestykket sit som det skal på det gamle tømmeret.
FINJUSTERING: Pluggen blir tilpassa holet dei har laga i tømmeret. Dei brukar trepluggar i staden for spikar.
SPERRESTOVE: Hytta er ei sperrestove, bygd i ein stil som er tradisjonell for tida ho vart bygd.
TESTAR: Halvor Slåtten testar den siste detaljen før hytta snart skal demonterast igjen.
ARBEIDSHENDER: Tømraren sine hender ber preg av mange år i yrket.
LEGO: Dei ulike delane av hytta er nummererte for å gjere det lettare å setje ho saman att. Fleire av plankane er svarte fordi hytta har vorte brukt som røykstove.
1867: Slåtten viser noko som er rissa inn på veggen. – Her står det truleg 1867. Men det var ikkje då Astrup sett ho opp, så det var kanskje då ho vart bygd.
TOMTA: Her på steinane ved Sandalselva i Sanddalen skal hytta stå. Bjarne Sunde har representert eigarane av hytta i tildelinga av midlar frå Kulturminnefondet.
UTSIKTA: Bjarne Sunde ser mot Tverrfjellet, den same utsikta som Nikolai Astrup såg frå vindauge i hytta. Når sommaren kjem skal han hjelpe tømrarane å reise hytta att.