Fylkesrådmann Tore Eriksen fortalde under opninga av fylkestingsmøtet på Hotell Alexandra i Loen at det ikkje blir noko fylkessamanslåing med det fyrste.
Eigentleg skulle han fremje sak om å få sende ein søknad til kommunaldepartementet om å starte den formelle samanslåinga. I staden trekk han saka, i samråd med sin kollega i Hordaland, og dei to fylkesordførarane.
Det skjer altså berre dagar etter at Stortinget vedtok at dei to fylka skal bli eitt.
- Les også:
– Eg er svært glad for at dette arbeidet no er sett på is. Å setje fylket 250 år tilbake i tid, er inga god løysing, sa Arnstein Menes (Sp) frå talarstolen.
- Tykkjer du det er vanskeleg å henge med i svingane? I boksen under får du samanslåingsprosessen på ein-to-tre:
Frå stortingsvedtak til pauseknapp
Stortinget har sagt si meining om Vestlandsregionen, og no ligg saka i Kommunal- og moderniseringsdepartementet sine hender.
Frå dei har det vore stilt i dagane etter Stortinget gjekk inn for samanslåinga av Hordaland og Sogn og Fjordane.
– Vi ventar på tilbakemelding frå departementet. Dei må skissere ein prosess fylkeskommunane skal gjennomføre. Når det er kjent vil vi kome med ei sak til fylkestinget, seier fylkesordførar Jenny Følling.
Følling trekk fram at fylkestinget er delt i meiningane om samanslåing, og difor vil ho utsette saka til etter valet.
I forkant av stortingsvedtaket snudde Arbeidarpartiet i saka, og støttar ikkje lengre ei samanslåing av Hordaland og Sogn og Fjordane.
Dei etterlyser at regjeringa skal gi dei nye regionane fleire oppgåver enn fylkeskommunane har i dag.
– Skal det bli omkamp må det bli regjeringsskifte. Det er gjort eit vedtak i stortinget, og held dagens fleirtal fram vil det bli gjennomført, seier Følling.
ARBEIDARPARTIET: Framstegspartiet meiner Hilmar Høl og Ap er ubesluttsomme. No seier Arbeidarpartiet at dei ikkje vil at Sogn og Fjordane og Hordaland skal bli til Vestlandsregionen.
Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRKVil ha fart på sakene
– Eg tykkjer det er synd at saka blir utsett til etter stortingsvalet. Vi skulle komme i gang med dette kjempeviktige arbeidet så fort som mogleg, seier Frank Willy Djuvik som representerer Framstegspartiet på fylkestinget.
Han meiner Arbeidarpartiet har «ombestemt seg to, tre, fire, fem, seks, sju gonger» om dei er for eller i mot samanslåing av Sogn og Fjordane.
– Vi veit at dei ikkje har konkludert. Då blir alle vi andre, og prosessane, ståande på vent til Arbeidarpartiet har bestemt seg.
IKKJE NØGD: Frank Willy Djuvik og Frp vil gjerne at fylkestinget skal halde fram og jobbe med prosessen med samanslåing.
Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRKSenterpartiet vil ikkje tilbake til fortida
Arnstein Menes i Senterpartiet tykkjer det er heilt rett å utsette det vidare arbeidet med samanslåing til etter valet.
– No har vi ei intensjonsavtale som sikkerheitsnett. Om det blir ny regjering vil Senterpartiet gå inn for at Sogn og Fjordane skal halde fram som eige fylke.