Hopp til innhold

Det neste døgnet må dei ta eit veldig viktig val for framtida

NORDFJORDEID (NRK): 1. mars er søknadsfristen til vidaregåande skular, og før midnatt må 61.000 10.-klassingar velje kva linje dei vil søke på. Så kven høyrer ungdomen på? Mor, venninna eller magekjensla?

10. klassingar ved Eid ungdomsskule

EIT VIKTIG VAL: Kristoffer Vedvik Eikeset (t.h.), Pascal Sibondagara, Jakob Jensen og Elisa Holmøy har alle bestemt seg for å søkje studiespesialisering. Sara Frislid, i blå genser, ønskjer å gå musikk, dans og drama.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Eg har høyrt mykje på kva mamma og pappa har sagt, men det er sjølvsagt eg som skal bestemme kva eg skal gjere framover, seier Sara Frislid.

Frislid og klassekameratane i 10. klasse ved Eid ungdomsskule har berre timar igjen før fristen går ut. 1. mars kl. 23.59 må valet vere tatt.

– Eg synest det er eit ganske stort val, for det du vel kjem til å påverke framtida di, på mange måtar, seier Pascal Sibondagara.

Han har bestemt seg for å søke på studiespesialisering, draumen er ein jobb innan medisin og helse. Men det er mange som kjempar som merksemda til ungdomen, for både innan transport, helse og omsorg og byggenæringa er rekrutteringsbehovet stort.

Snakkar mest med foreldra sine

Fleire eldre og færre arbeidstakarar gjer at både NHO og NAV er uroa for tilgangen på arbeidskraft i framtida. Kva ungdomen vel vil påverke kva yrke dei får seg i framtida.

Elise Holmøy vil bli geolog og har studiespesialisering som førsteval, men er usikker på dei to neste plassane.

– Det er mamma og pappa som er med og bestemmer, så eg har lyst å ta ein siste prat med dei, seier Holmøy.

Elevane NRK møter seier dei snakkar mest med nettopp foreldra sine.

– Det er ganske naturleg, men eg prøvar å seie at det er elevane sjølve som skal velje, ut frå interessene, det er det viktigaste, seier rådgjevar Sveinung Alværn ved Eid ungdomsskule.

Sveinung Alværn

EIT HAV AV MOGLEGHEITER: – Det er eit viktig val, men ein skal ikkje overdrive, det er råd å ombestemme seg, seier rådgjevar Sveinung Alværn, framfor plakaten som viser alt elevane har å velje mellom.

Foto: Silje Guddal / NRK

Alværn påpeikar at nokre studieval fører til at elevane må flytte på hybel.

– Det er ei veldig stor avgjerd det er lurt å involvere foreldra i.

Kristoffer Vedvik Eikeset vil ikkje på hybel, og jobbar no hardt for å sikre seg best mogleg karakterar.

– Det eg er mest redd for er å ikkje sleppe inn på skulen her på Eid, så eg må flytte på hybel. Eg gjer mitt beste og håpar at det er godt nok, seier Eikeset.

Om lag halvparten av elvane ved Eid ungdomsskule kjem til å velje ei yrkesfagleg studieretning. Fleire bedrifter satsar no på lærlingar som den viktigaste rekrutteringsmetoden.