Hopp til innhold

Bedriftene er nærast desperate etter slike som Håkon

Nærast null arbeidsløyse og nedgang i innvandringa gjer at bedriftene i Sogn og Fjordane brukar mykje tid på å skaffe seg slike som Håkon Bøe.

Lærling Håkon Bøe

I LÆRE: Håkon Bøe frå Vågsøy går første året i lære hos Sætren AS, her i aksjon på Vågsøy omsorgssenter.

Foto: Privat

– Her er masse jobb, seier Kjell Gunnar Tennebø i elektroverksemda Sætren i Måløy.

Med fem ledige stillingar har Tennebø eit luksusproblem. Bedrifta er klar til å utvide, men kampen om dyktige fagfolk er knallhard.

– Det er absolutt ei utfordring. Det er utruleg få elektrikarar eller informasjonsingeniørar som går og sparkar småstein, konkluderer Tennebø.

No satsar bedrifta på å lære opp si framtidige arbeidskraft.

– Vi har ein bra gjeng med lærlingar. På sikt kan dei ta fagbrev og ta arbeid som elektrikarar eller montørar.

– Hjelp, vi treng hjelp

Arbeidsløysa i Sogn og Fjordane er lågast i landet. Vi må 10 år tilbake i tid for å finne lågare januartal enn dei NAV presenterte i førre månad. Prognosane deira viser fleire pensjonistar og låg folketalsvekst. Dei viktige arbeidsinnvandrarane vert det færre av.

I tillegg til lærlingar, prøvar Tennebø ein ny taktikk for å få folk til å søkje jobb. Bedrifta har fått laga filmsnuttar og innhald på sosiale medium, samt kjøpt ei heilsides annonse, forma som ein artikkel, i fleire aviser.

« Hjelp, vi treng hjelp», er kanskje ein tittel som fangar blikket til folk, som forhåpentlegvis les artikkelen og forhåpentlegvis får lyst til å søke jobb, seier Tennebø.

Verdfull arbeidskraft

Hos Nordvestvinduet i Vågsøy har dei tre til fem lærlingar til ei kvar tid.

– Med ein låg kronekurs ser vi at utanlandske arbeidarar gjerne vil til Frankrike eller England. Utanlandsk arbeidskraft har vore veldig viktig dei siste åra, men vi meiner det er viktig å satse på å halde kompetansen i landet, seier administrerande direktør Rune Sætren.

– Korleis er tilgangen på lærlingar?

– Det er variabelt. Vi rekrutterar primært gjennom to fag, industrisnekkerfaget og CNC-operatørfaget, og industrisnekkerfaget har ikkje større tilfang enn det vi treng.

Kjell Gunnar Tennebø

OPTIMIST: Dagleg leiar Kjell Gunnar Tennebø hos Sætren AS håpar nye metodar for å rekruttering skal gje utteljing.

Foto: Privat

Bratt karrierestige

Gro Rukan i Framtidsfylket meiner bedriftene må bli flinkare til å syne fram utviklingsmoglegheitene i jobbane dei tilbyr. Ho meiner karrierestigen i Sogn og Fjordane er brattare enn andre plassar.

– Heilt opplagt så er det slik at i store byar og store konsern vert nyutdanna sittande med kanskje ei meir snever arbeidsoppgåve mykje lengre. I Sogn og Fjordane er vi færre, det er også ein styrke, vi er meir fleksible, kvar enkelt person vert meir sett, seier Rukan.

Hos elektroverksemda Sætren ventar dei no på resultatet av dei nye jobbannonsane.

– Det er absolutt interesse, men kunne vi tenkt oss enda større søkjarmasse. Eg er optimist, vi har ein fantastisk flott arbeidsplass. Så skal vi gjere det vi kan for å skafef jobb til eventuelle ektefellar eller kjærastar, seier Tennebø.