Desse vil bli ordførarar i Sogn og Fjordane

Nye kommunar. Og nye namn. Her er dei som vil bli ordførarar i Sogn og Fjordane.

Olve Grotle og Helge Robert Midtbø

ORDFØRARDUELL: Olve Grotle (H) blir den siste ordføraren i Førde. Han håpar å bli den første ordføraren i Sunnfjord, men får nok ein gong kamp om vervet av Helge Robert Midtbø (Ap).

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

Akkurat no jobbar nominasjonsnemndene i kommunane på spreng med å lage lister til kommunevalet 2019. Dette er namna som så langt er klare, som NRK har fått oversikt over.

Kinn

Nye Kinn kommune er samanslått av Flora og Vågsøy. Sitjande ordførarar er Ola Teigen (Ap) i Flora, og Kristin Maurstad (Ap) i Vågsøy.

Arbeidarpartiet: Sitjande Flora-ordførar Ola Teigen (46) er innstilt. Målar og flisleggjar.
Høgre: Eks-ordførar Morten Hagen (48) frå Vågsøy. Politibetjent
Venstre: Jacob Nødseth (30) frå Flora. Tidlegare Samlingslista. Advokat.
Frp: Frank Willy Djuvik (40) frå Flora.
Senterpartiet: Ukjent.
SV: Ukjent.
Raudt: Geir Oldeide (62) frå Vågsøy. Industriarbeidar.

Sum: 5 menn. 0 kvinner.

Stad

Nye Stad kommune er samanslått av Selje og Eid, og grenda Bryggja frå Vågsøy. Sitjande ordførarar er Alfred Bjørlo (V) i Eid og Stein Robert Osdal (KrF) i Selje.

Venstre: Sitjande Eid-ordførar Alfred Bjørlo (45). Zoolog/entomolog og næringsutviklar.
Arbeidarpartiet: Siri Sandvik (50) frå Eid. Overlege.
Senterpartiet: Paul Jacob Helgesen (40) opprinneleg frå Selje. Bedriftsrådgjevar.
KrF: Ronald Dalsbø (50) frå Selje. Kranførar.
Høgre: Geir Årvik (56) frå Selje. Næringsdrivande.
Frp: Anfinn Sjåstad (54) frå Selje.

Sum: 5 menn. 1 kvinne.

Stryn

Høgre: Sitjande ordførar Sven Flo (55). Offiser.
Arbeidarpartiet: Haldor Hove er innstilt. Læremiddelansvarleg.
Senterpartiet: Ukjent.
Venstre: Varaordførar Torstein Tvinnereim (45). Lærar.

Sum: 3 menn. 0 kvinner.

Gloppen

Senterpartiet: Sitjande ordførar Leidulf Gloppestad (42). Bonde.
Arbeidarpartiet: Arnar Kvernevik (62). Ingeniør.
Venstre: Alf Erik Røyrvik (36).
Høgre: Beate Dybendal Nordvik (46). Tilsett i Fjord Energi.

Sum: 3 menn. 1 kvinne.

Bremanger

Høgre: Elisabeth Birkeland Hatlenes (38). Lærar.
Arbeidarpartiet: Anne Kristin Førde (54). Organisasjonsarbeidar.
Senterpartiet: Ukjent.
Venstre: Svein Olav Senneset (48) er innstilt. Ingeniør.

Sum: 1 mann. 2 kvinner.

Sunnfjord

Nye Sunnfjord kommune er samanslått av Førde, Jølster, Gaular og Naustdal kommunar. Sitjande ordførarar er Olve Grotle (H) i Førde, Oddmund Klakegg (Sp) i Jølster, Mathias Råheim (H) i Gaular og Håkon Myrvang (Ap) i Naustdal.

Høgre: Førde-ordførar Olve Grotle (54). Advokat.
Arbeidarpartiet: Helge Robert Midtbø (56) frå Førde er innstilt. Klinikkdirektør.
Venstre: Statssekretær Atle Hamar (55) frå Jølster. Lotteridirektør.
Senterpartiet: Fylkesordførar Jenny Følling (56) frå Gaular. Næringskonsulent.
SV: Åsmund Berthelsen (66) frå Naustdal. Utviklingsrettleiar.
KrF: Norunn Lunde Furnes (61) frå Gaular. Lærar.
Frp: Terje Helgheim (68) frå Jølster er innstilt.

Sum: 5 menn. 2 kvinner.

Askvoll

Høgre: Ordførar Ole André Klausen (43) ønskjer attval.
Venstre: Ukjent.

Sum: 1 mann. 0 kvinne.

Fjaler

Venstre: Sitjande ordførar Gunhild Berge Stang (45). Arkeolog.
Frp: Magnar Hellesøy (43) er innstilt.
Høgre: Tek gruppeleiar Odd Helge Aase (53) attval? Investeringsrådgjevar.
Arbeidarpartiet: Ukjent.
Senterpartiet: Ukjent.

Sum: 1 mann. 1 kvinne.

Hyllestad

Senterpartiet: Sitjande ordførar Morten Askvik (47) er innstilt. Lærar.
Høgre: Ukjent.
Arbeidarpartiet: Ukjent.

Sum: 1 mann. 0 kvinne.

Solund

Senterpartiet: Sitjande ordførar Gunn Åmdal Mongstad (55) ønskjer attval. Lærar.
Høgre: Ukjent.
Arbeidarpartiet: Ukjent.

Sum: 0 menn. 1 kvinne.

Gulen

Senterpartiet: Sitjande ordførar Hallvard Oppedal (61) ønskjer attval. Bonde.
Høgre: Ivar Eide. Drosjesjåfør.
Arbeidarpartiet: Ukjent.
Venstre: Ukjent.

Sum: 2 menn. 0 kvinne.

Høyanger

Arbeidarpartiet: Sitjande ordførar Petter Sortland (57) ønskjer attval. Næringsutviklar.
Senterpartiet: Ukjent.
Høgre: Ukjent.

Sum: 1 mann. 0 kvinne.

Sogndal

Nye Sogndal kommune er samanslått av Sogndal, Balestrand og Leikanger. Sitjande ordførarar er Jarle Aarvoll (Ap) i Sogndal, Harald Offerdal (Ap) i Balestrand og Jon Håkon Odd i Leikanger (Ap).

Arbeidarpartiet: Kjetil Kvåle frå Sogndal. Dagleg leiar.
Senterpartiet: Arnstein Menes (42) frå Balestrand. Opptaksleiar.
Venstre: Varaordførar Trude Risnes (47) i Leikanger. Rådgjevar.
Høgre: Arne Glenn Flåten (49) frå Sogndal. Næringsdrivande.
SV: Vibeke Johnsen (52) frå Sogndal. Avdelingsdirektør.
KrF: Varaordførar Frode Bøthun (42) i Balestrand.

Sum: 4 menn. 2 kvinner.

Lærdal

Senterpartiet: Sitjande ordførar Jan Geir Solheim (53) ønskjer attval. Bonde og drosjeeigar.
Arbeidarpartiet: Ukjent.
Høgre: Ukjent.

Sum: 1 mann.

Luster

Senterpartiet: Sitjande ordførar Ivar Kvalen (45) ønskjer attval. Anleggsleiar.
Høgre: Geir Arve Sandvik (52). Næringsdrivande.
Arbeidarpartiet: Elin Hauge (42). Kommunetilsett.
Venstre: Ukjent.

Sum: 2 menn. 1 kvinne.

Aurland

Arbeidarpartiet: Per Are Flåm (50). Anleggsleiar.
Høgre: Monica Finden (49).
Senterpartiet: Trygve Skjerdal (58). Næringsdrivande.

Sum: 2 menn. 1 kvinne.

Årdal

Arbeidarpartiet: Fylkesleiar Hilmar Høl (49). Industriarbeidar.
Senterpartiet: Ukjent
Høgre: Tek gruppeleiar Knut Arne Klingenberg (61) attval? Politiførstebetjent.
Venstre: Ukjent.

Sum: 1 mann.

Vik

Senterpartiet: Tek sitjande ordførar Olav Turvoll (63) attval? Bonde.
Arbeidarpartiet: Tek varaordførar Roy Stadheim (50) attval? Fengselsleiar.
Høgre: Tek gruppeleiar Morten Midlang (59) attval? Marknadskonsulent.
Venstre: Ukjent.
KrF: Ukjent.

Sum:

Volda

Nye Volda kommune er samanslått av Volda og Hornindal. Sitjande ordførarar er Jørgen Amdam (Ap) i Volda og Stig Olav Lødemel (H) i Hornindal.

Arbeidarpartiet: Sverre Leivdal frå Hornindal.
Høgre: Hornindal-ordførar Stig Olav Lødemel (41). Elektrikar.
SV: Cecilie Rørstad frå Volda er innstilt.
Senterpartiet: Ukjent.

Sum: 2 menn. 1 kvinne

Totalt: 40 menn. 13 kvinner.