Hopp til innhold

Trur OL-turen til desse fire kan gi oppsving for idretten

Dersom skihopparen Anders Fannemel får OL-billett, kan Sogn og Fjordane få heile fire utøvarar til OL i Sotsji. Det kan gi oppsving i rekrutteringa til fleire av vinteridrettane.

OL-håp frå Sogn og Fjordane, Fannemel, Bø, Bø og Aafedt Flatland

TIL SOTSJI: F.v. Anders Fannemel er framleis ikkje utteken til OL, men har med helgas innsats lagt inn ein sterk søknad om tur til Russland. Både Tarjei Bø, Johannes Thingnes Bø og Ann Kristin Aafedt Flatland er uttekne til OL i februar.

Foto: Terje Bendiksby/Jeff Pachoud/Håkon Mosvold Larsen/Sergei Chirikov / NTB Scanpix/AFP/EPA

– Eg håpar sjølvsagt at det skal gje ein god effekt, både inn mot skiskyting og hopp. Men ikkje minst det at unge utøvarar ser at ein kan lukkast som toppidrettsutøvar og komme frå Sogn og Fjordane. Det er viktig, seier dagleg leiar i Sogn og Fjordane skikrins, Yngve Thorsen.

For går alt etter planen, vil både skiskyttar Ann Kristin Aafedt Flatland frå Vik, brørne Tarjei og Johannes Thingnes Bø frå Stryn og skihoppar Anders Fannemel frå Hornindal vere å sjå under dei olympiske leikane i Sotsji som tek til 7. februar og varer til 23. februar.

(Artikkelen held fram under videoen)

Anders Fannemel hoppet ned til foreløpig andreplass i Garmisch-Partenkirchen onsdag. Det holdt til slutt til en fjerdeplass.

Er kjempeviktig

Dei tre skiskyttarane er allereie uttekne, men Olympiatoppen har framleis ikkje gitt beskjed om kva skihopparar som skal representere Norge under OL i Sotsji.

Men med Fannemel sin sterke fjerdeplass under nyttårshopprennet i Garmisch-Partenkirchen, er han i aller høgste grad med i kampen om plassane.

Thorsen peikar på at den verdien desse løparane har som ambassadørar, både for fylket og for idretten, nesten ikkje kan vurderast høgt nok.

– Det er kjempeviktig. Eg vil påstå at det er nesten uvurderleg. Det set også Sogn og Fjordane på kartet i ein svært god samanheng. Dei er svært gode ambassadørar både for fylket, idretten og skiidretten i fylket vårt, seier Thorsen.

Seier noko om at det gror godt

Han får medhald frå dagleg leiar i Sogn og Fjordane idrettskrins, Aud Kari Isane.

– Dei gjer det strålande, eg tykkjer dei er heilt fantastiske, seier Isane, som håpar og trur at fylket får sende fire utøvarar til OL.

– Det er fantastisk viss vi får med fire stykker. Eg trur ikkje det har vore så mange nokon gong, så det fortel noko om at det gror i fylket, seier Isane.

(Artikkelen held fram under videoen)

Johannes Thingnes Bø er klar for OL i Sotsji, etter to sensasjonelle seiere i Frankrike sist helg. 20-åringen kunne vært tapt for norsk skiskyting, det forteller stryningen mens han jakter på julegave til bror Tarjei. Reporter: Jørn Lien, foto: Harald Christian Eiken, redigering: Nuno Duarte

«Då går det an for meg også»

Ho er viss på at det betyr mykje for rekrutteringa til spesielt vinteridrettane i fylket.

– Det er med på å gjere til at unge, små og lovande som likar å gå på ski, får lyst til å gå endå meir på ski, seier Isane.

Ho trur også det gjer noko med sjølvkjensla til alle dei små og litt større som driv med ein eller annan form for vinteridrett.

– Når desse utøvarane gjer det så bra, samtidig som dei er ein heilt alminneleg gut eller jente frå Sogn og Fjordane, så kan andre tenkje «då går det også an for meg å bli så god», seier Isane.

– Eg trur det gjer noko med oss at dei er rett rundt oss. Det er alminnelege ungdommar som har vorte så gode, seier Isane.

Ho understrekar at ho gler seg stort over alle norske utøvarar i OL, men at det vert noko spesielt med dei frå Sogn og Fjordane.

– Vi heiar jo mest på våre eigne. Det er kjempekjekt viss våre eigne gjer det bra, og ikkje minst at dei får vere med, seier Isane.