Hopp til innhold

Klemet kan bli far til halve det olympiske stafettlaget

I helga såg han son nummer to bryte inn i den internasjonale skiskyttareliten. Om to månadar kan Klemet Bø vere far til halve herrelaget i skiskyttarstafetten under OL i Sotsji.

Johannes Thingnes Bø og Klemet Bø etter NM-sølvet på Dombås

SUKSESS: Johannes Thingnes Bø (t.v.) er andre blad Bø som har teke steget inn i skiskyttareliten med to verdscupsigrar og ein førebels tredjeplass i samandraget. Til høgre står pappa Klemet Bø.

Foto: Rune Fossum / NRK

For medan eldstemann Tarjei Bø er så godt som sikra ein plass på stafettlaget, bankar også Johannes Thingnes Bø hardt på døra etter helgas suverene sigrar på både sprint og jaktstart under verdscuprenna i Frankrike.

Saman med kona Aslaug er opphaldet i den russiske OL-byen allereie i boks. Der kan foreldreparet oppleve å vere foreldre til to av dei fire på herrenes stafettlag.

– Så lenge vi har to aktuelle kandidatar til laget, så vil eg ikkje synse på om det blir to blad Bø på laget. Men vi håpar sjølvsagt at vi har ein med, seier pappa Klemet Bø.

Trur på OL-uttak

Med OL berre nokre månader unna, har Johannes Thingnes Bø meldt seg på i kampen om plass i både OL-troppen og på stafettlaget.

I motsetnad til pappa tok 20-åringen nærast ut seg sjølv etter suksessen i Annecy-Le Grand Bornand i helga.

– Eg håpar å få klarsignal før jul, slik at eg kan legge inn ein ekstra god treningsperiode. Eg har vore i toppform sidan Sjusjøen i midten av november, sa han etter jaktstarten søndag.

Suksess i ung alder

Heime i Stryn følgde pappa Klemet spent med på det som skjedde i Frankrike. Tarjei prioriterte trening framfor verdscuprennet, men det var eit anna blad Bø som stal overskriftene.

For medan Tarjei i 2011 vart ein av dei yngste til å vinne verdscupen samanlagt, vart Johannes den yngste vinnaren av eit verdscuprenn sidan Mark Kirchner i 1991. Då var ikkje skiskyttartalentet frå Markane ein gong fødd.

– Det var ikkje heilt uventa at han kunne prestere og vere i toppen, for han har vist gode takter i haust og vore i godt slag. Men måten han vann på i helga står det respekt av, seier pappa Bø.

– Full klaff

– Eg var bra trygg før liggande skyting, men var litt nervøs før siste serien då han kom inn og leia. Eg var rett og slett spent på om nervane holdt, legg Bø til.

Og både nervar og son stod distansen ut. 20-åringen som hadde 30 sekundar å gå på etter laurdagens sprint viste verdseliten ryggen og auka avstanden med over sju sekund til målpassering.

– Det var truleg ein ekstra god dag, der alt klaffa. Både ski, smørning og skyting. Eit max-løp og sjølvsagt ein draum for Johannes å oppleve, seier Bø.

Heim på juleferie

Etter Johannes sine to første verdscupsigrar som seniorløpar, har gratulasjonane tikka inn frå fjern og nær i helga.

No nærmar det seg julehøgtida og ekspertane åtvarar 20-åringen om å reise heim i juleselskap. Desse råda vil truleg Johannes Thingnes Bø oversjå.

– Det er vel litt usikkert med Tarjei, men Johannes trur eg vil komme. Diverre held julesnøen på å regne vekk, så han blir vel ikkje så lenge. Han må jo få trena litt, humrar pappa Bø.