Hopp til innhold

Dei ville også stemme for eller mot samanslåing

Fleire av ungdomsskuleelevane ved Skei skule synest det er dumt at dei ikkje får seie sitt om kommunesamanslåing. Jamgamle på Vassenden fekk stemme ja eller nei ved eit skuleval om det betente spørsmålet.

Frå venstre: Elias Roko Eide, Benjamin Mulen Sunde og Ruben Flatjord Kjøsnes

VIL HA SKULEVAL: Elevar ved Skei skule, frå venstre Elias Roko Eide, Benjamin Mulen Sunde og Ruben Flatjord Kjøsnes (framme). Dei ville gjerne hatt skuleval om kommunereforma, men får det ikkje.

– Det er litt dumt at vi ikkje fekk seie meininga vår. Resultatet kunne ha sett annleis ut på Skei, men det veit vi jo ikkje no, seier niandeklassing Elias Roko Eide på Skei skule.

Han viser til resultatet av skulevalet på Vassenden skule. Der fekk ungdomsskuleelevane svare på kor vidt Jølster bør halde fram som eigen kommune eller om Jølster bør slå seg saman med Førde, Gaular og Naustdal. Det same spørsmålet det skal vere folkerøysting om på måndag.

76 av dei 83 elevane på ungdomstrinnet på Vassenden sa sitt. Nesten fire av fem, 77,6 prosent av elevane var for samanslåing, 22,4 prosent vil at Jølster skal stå åleine.

– Det er sikkert delte meiningar på Skei som på Vassenden, men det veit vi ikkje no som vi ikkje har hatt val, seier ein litt oppgitt Roko Eide.

– Diskuterer på skulen og på fritida

Komande måndag blir dei første folkerøystinga om kommunereforma arrangert i fleire kommunar i Sogn og Fjordane. Regjeringa vil teikne om kommunekartet med mål om færre, større og meir robuste kommunar.

I Jølster har engasjementet om kommunereforma vore spesielt stort. Då NRK tidlegare i veka gjorde ei oppteljing av førehandsrøyster var det kome fleire i Jølster åleine enn i kommunane Naustdal, Gaular, Flora, Hyllestad og Askvoll til saman.

Også blant ungdomane i kommunen er engasjementet stort.

– Folk diskuterer mykje. Både på skulen og på fritida, på Facebook og elles, seier tiandeklassing Benjamin Mulen Sunde og niandeklassing Ruben Flatjord Kjøsnes på Skei skule.

Både Elias, Benjamin og Ruben skulle gjerne fått stemme ved eit skuleval, slik ungdomane i andre enden av kommunen fekk.

– Dei fleste er mot samanslåing

Ruben Flatjord Kjøsnes trur fleirtalet av dei 46 ungdomsskuleelevane på Skei hadde stemt for at kommunen skal stå åleine.

– Dei fleste på Skei er mot kommunesamanslåing. Skei og bygdene rundt er mykje lenger frå Førde enn Vassenden, så det blir større avstandar om ting blir sentralisert til Førde, seier han.

Rektor ved Skei skule, Gerd Sunde Førde, seier ho ikkje var klar over at ungdomsskuleelevane på Vassenden skulle ha skuleval. Ho forstår at fleire av elevane synest det er dumt at ikkje dei får same moglegheita.

– Vi skulle sagt frå

Elias Slåtten

BURDE SAGT FRÅ: Nestleiar i elevrådet ved Vassenden skule, Elias Slåtten, seier dei i ettertid ser at dei burde ha sagt frå til sine jamgamle på Skei at dei skulle ha skuleval.

Det er elevrådet og skulemiljøutvalet ved Vassenden skule som har teke initiativ til skulevalet om kommunereforma. Nestleiar i elevrådet, Elias Slåtten, seier dei ikkje tenkte over kor vidt dei jamgamle på Skei skulle ha eit liknande val.

– Eg synest det er dumt at dei ikkje har hatt val. Det hadde vore veldig interessant å få høyre korleis stoda er på Skei skule og ikkje berre på Vassenden.

– Burde de ha sagt frå til dei at de skulle ha eit skuleval?

– Vi skulle sjølvsagt sagt frå, seier Slåtten når han ser på det i ettertid.

Trur det hadde blitt fleire mot samanslåing

Børge Svidal

PÅ BEGGE: Børge Svidal, leiar i Ungdomsrådet i Jølster, vedgår at det hadde vore best om alle ungdomsskuleelevane i kommunen hadde fått svare om kommunereforma.

Foto: Privat

Leiar i Ungdomsrådet i Jølster, og elev ved Vassenden skule, Børge Svidal, snakka med Firda etter at resultatet frå skulevalet i Jølster var klart.

– Du ser kva ungdommen har lyst til. Då burde politikarane høyre litt på oss, sa han til avisa.

Til NRK.no understrekar Svidal fredag at Ungdomsrådet ikkje har vore involvert i arrangeringa av skulevalet på Vassenden skule.

– Burde du som leiar i Ungdomsrådet gjort noko for at det skulle vere eit skuleval også på Skei skule?

– Eg kunne sjølvsagt ha kome med forslag. Men vi har ikkje hatt møte i Ungdomsrådet sidan februar, og dette er noko som har kome i stand etter vi hadde møte, seier Svidal.

Om også ungdomsskuleelevane på Skei hadde fått stemme, trur han resultatet hadde blitt annleis.

– Eg trur det hadde blitt fleire som stemte nei, seier han.

Dei eldste kan røyste på måndag

Rådmann i Jølster, Børge Tvedt, registrerer at berre ein av to skular med ungdomstrinn har hatt skuleval om kommunereforma.

– Vi har ikkje teke initiativ eller vore informert. Dette er eit initiativ som kjem frå elevane. Det er positivt med engasjement blant ungdom, seier Tvedt.

Han vedgår at det kunne vore bra om same valet vart arrangert på begge skulane. Samtidig legg han til at dei eldste elevane, dei som er 16 år eller fyller 16 år i år, kan stemme ved den ordinære folkerøystinga.

På Skei skule håpar dei engasjerte gutane at politikarane forstår at ikkje resultatet på Vassenden skule nødvendigvis er representativt.

– Det er flott at dei har skuleval, men det er litt dårleg gjort at dei brukar det som eit argument for kommunesamanslåing, at det er dette ungdomen meiner, seier Ruben Flatjord Kjøsnes.

Rektor ved skulen, Gerd Sunde Førde, seier det blir for kort tid til å få arrangert eit skuleval på Skei no.