Hopp til innhold

Kom for å blåse nei-vind over usikre jølstringar

JØLSTER (NRK): Senterpartileiar Trygve Slagsvold Vedum trur jølstringane vil stå seg best på å seie nei til samanslåing med tre andre Sunnfjord-kommunar.

Vedum helsar på Klakegg

NEI-MØTE: Trygve Slagsvold Vedum møtte ordførar Oddmund Klakegg (Sp) på det nye omsorgssenteret på Skei i Jølster i dag.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Dei må jo vurdere sjølv, men hadde eg budd her, så hadde eg røysta nei og dermed røysta ja til Jølster. Når ein ser på dei store nasjonale undersøkingane, så er det jo kommunar som Jølster som skårar best i heile landet på omsorg og oppvekst, seier Vedum.

Måndag 4. april går folk i Jølster til stemmeurnene for å gje sitt råd til politikarane. Dei kan røyste over to alternativ. Det eine er at Jølster held fram som eigen kommune, det andre er at Jølster slår seg saman med Førde, Gaular og Naustdal.

– Jølster er eit førebilete

Dersom eit fleirtal seier ja til ei samanlslåing, så vil det setje mange av lokalpolitikarane i ein skvis. Der har nemleg Senterpartiet og SV fleirtal, og dei har tydeleg flagga sitt nei-standpunkt, men kjem neppe unna å støtte fleirtalet i folkerøystinga.

I dag fekk leiaren i Senterpartiet sett seg om i kommunen, der debatten om kommunesamanslåing har gått hardare for seg enn dei fleste andre stadane i Sogn og Fjordane. Han meiner at det er flest argument for at jølstringane bør røyste nei.

– Kommunar som Jølster har vore eit førebilete, fordi dei er så gode på omsorg og oppvekst. Difor er det så forunderleg at regjeringa har sett det som eit mål å slå saman mange av dei kommunane som fungerer aller best. Kvifor øydeleggje strukturar som fungerer så godt?

Folkeavstemminga om kommunesamanslåing (Sogn og Fjordane)

Spent på resultatet

Men i Jølster er både folk og politikarar delte i synet på kva som vil vere den beste løysinga for framtida. Ein av dei som står på for ja-sida er gruppeleiar for Høgre, Anders Kristian Sægrov.

– Folk har kanskje gjort seg opp ei meining, så jobben framover er vel heller ikkje den mest utslagsgjevande i så måte. Men eg er spent på resultatet av folkeavrøystinga og ser fram til å kome forbi den no slik at vi kan jobbe vidare for å finne Jølster sin måte å organisere seg på for framtida.

Han meiner at det er viktig for bygdene i Jølster si framtid at ein får til ei heilskapleg samfunnsutvikling som sikrar framtida for alle dei fire kommunane som kan bli samanslått.

– Støttar lokal beslutning

– Eg føler at ein har ulike syn på denne saka og difor er det kanskje naturleg at dei på Vassenden ser meir positivt på ei samanslåing med dei andre tre kommunane, enn her på Skei som ligg lengre geografisk vekk frå sentrum i Førde, seier Sægrov.

For Trygve Slagsvold Vedum er synet på kommunereforma uforandra etter turen til Jølster. Hans bodskap om at små kommunar står seg best åleine, held han fast ved. Men han vil lytte til folket si røst.

– Eg vil til sjuande og sist støtte den lokale beslutninga. Det har jo vore døme på vellukka kommunesamanslåingar, men det er ikkje slik at berre kommunen blir større så blir den betre.

Enquet på gata i Jølster. Bilder av Jølster kommune. Trygve Slagsvold Vedum på besøk på Skei, møter ordføreren. Ordføreren viser valurna og stemmelokala.