Hopp til innhold

Ein av fem har allereie sagt sitt om storkommune

450 personar, nær kvar femte røysteføre jølstring, har allereie sagt ja eller nei til storkommune i Sunnfjord. Dette er fleire enn i fem andre sunnfjordkommunar til saman.

Oddmund Klakegg

SVAR: Ordførar Oddmund Klakegg (Sp) håpa på stor oppslutnad når jølstringane skal seie sitt om ein storkommune. Det ser det ut til at han får.

Foto: NRK

Oppslutninga om førehandsrøystinga er høgare enn i Naustdal, Gaular, Flora, Hyllestad og Askvoll til saman.

I Solund, Fjaler og Førde gjennomfører dei spørjeundersøking.

– Eg veit ikkje kvifor, men det er i alle fall engasjement, slår sekretær i valstyret i Jølster, Svanhild Røkenes, fast.

Høg valdeltaking

Sidan 14. mars har 448 av dei røysteføre i Astrup-kommunen allereie lagt si røyst i valurna.

Ved inngangen av 2016 budde det ifølgje Statistisk sentralbyrå 3020 innbyggjarar i Jølster. Av desse var 2 375 over 16 år, som er aldersgrensa for å kunne røyste. Oppslutnaden er allereie 18 prosent.

Folkeavstemminga om kommunesamanslåing (Sogn og Fjordane)

Røkenes ventar høg valdeltaking også på valdagen 4. april.

– Når folk brukar tid på å røyste på førehand, så reknar eg med at det er ein del som møter valdagen også, seier ho.

Eg trur det blir ti gonger vanskelegare å få gjennomført ein kommunereform i Jølster enn i dei andre kommunane. Slik er jølstringane.

Fridtjov Urdal

200 røyster i Flora

Mathias Råheim

ORDFØRAR: Mathias Råheim (H) meiner det er eit stort engasjement kring kommunereforma i Gaular.

Foto: Eirik Hildal / NRK

Engasjementet før valdagen er vore ulik frå kommune til kommune. I Flora har i underkant av 200 førehandsrøysta, medan 40 har vore ved valurnene i Naustdal. Sør om Førdefjorden har 38 personar lagt si røyst i valurnene i Hyllestad, medan talet i Askvoll er 100.

Ordførar i Gaular, Mathias Råheim (H), har så langt fått meininga frå 60 av sine sambygdingar.

Trygve Slagsvold Vedum (Sp) vitjar Skei Jølster og møter ordførar Oddmund Klakegg.

SJÅ TV-SAK: Trygve Slagsvold Vedum (Sp) vitjar Skei Jølster og møter ordførar Oddmund Klakegg.

– Det blir nok fleire førehandsrøyster i urna før valdagen. Dei har sine klare meiningar dei som har førehandsrøysta, seier ordføraren.

Heit debatt

Råheim opplever engasjementet som stort i kommunen, og viser til debatt både i sosiale medium og oppslutnad på folkemøte i Bygstad og Sande. Det blir også møte i Viksdalen.

Han vedgår likevel at engasjementet har vist seg langt høgare i Jølster, der debatten går heftig på Facebook.

– Dei har jo hatt eit veldig spetakkel der oppe i fleire veker, seier Råheim.

Ikkje overraska

Fridtjov Urdal

RØYSTER IKKJE: Fridtjov Urdal har ingen planer sjølv om å røyste. – Eg ser ikkje dette som så grufullt viktig. Det gjer jølstringane, og ære vere dei for det, seier han.

Foto: Bård Siem / NRK

Samfunnsdebattant og kulturarbeidar Fridtjov Urdal, innflytta jølstring og busett på Vassenden, er ikkje overraska over at Jølster skil seg kraftig ut.

Han meiner eit dårleg forhold mellom Skei og Vassenden er hovudårsaka til det enorme engasjementet.

– Det er jo slik at for dei som bur på Skei og i Stardalen, så er det mykje kortare til Førde enn til Vassenden. Og det er mykje kortare frå Vassenden til Sandane, enn det er til Skei. Det trur eg bestemt at det er, seier han.

Urdal meiner jølstringane også har ein veldig sterk identitet knytt til jølster-namnet.

– For å bli definert som ekte jølstring i Jølster må alle slektningar i alle ledd ha opphav frå Jølster heil frå Svartedauden si tid. Eg trur det blir ti gonger vanskelegare å få gjennomført ein kommunereform i Jølster enn i dei andre kommunane. Slik er jølstringane, humrar Urdal.