Hopp til innhold

Cruiseturistane strøymer i land på Nordfjordeid – for første gong

NORDFJORDEID (NRK): Cruiseskipet MS «Aidaperla» ligg fortøydd inni hamna på Nordfjordeid. Seawalken er bretta ut for første gongen, og hundrevis av passasjerar er på veg ut på suvenirjakt.

Turistar går i land på Nordfjordeid

FØRST UT: MS «Aidaperla» er det aller første cruiseskipet som kjem til Nordfjordeid.

Foto: Nordfjord Havn

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Det er strålande. Fint på sjøen og me har sove godt, seier ein av dei tyske turistane som stig av seawalken på Nordfjordeid.

– Kvifor har de valt å kome til Noreg og Nordfjord?

– Vi har aldri sett det før, og det er veldig vakkert.

Sidan 2016 har det blitt jobba med å få Nordfjordeid klar som cruisedestinasjon. Ikkje alle er like glade for det, men i dag kom det første skipet, MS «Aidaperla», inn i hamna. Det har plass til over 3000 passasjerar.

– Det er jo ein litt spesiell dag. Eg er stolt og spent, seier Eid-ordførar Alfred Bjørlo (V).

Han er bunadskledd i høve det første cruiseanløpet til Nordfjordeid, og fekk opne dagen med lurspeling. Han fortel om hektiske dagar før det første skipet kunne kome inn fjorden.

– Dette er jo første gongen. Og vi byrja ikkje i det små, men rett på eit av dei største skipa, seier ordføraren.

Alfred Bjørlo spelar på lur på Nordfjordeid

LUR OG BUNAD: Ordførar Alfred Bjørlo (V) opna dagen med lurspeling.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Håpar turistane legg att mykje pengar

Det er berre tyske turistar som kjem til Eid i dag. Nokre av dei skal på utflukt rundt i Nordfjord, medan andre vert verande i hamna.

– Ganske mange blir att her for å spasere i gatene, handle, besøke sagastaden, og oppleve Eid på sitt beste, seier Bjørlo.

I Eid håpar dei at cruiseturismen kan bidra til økonomisk boom.

– Vi har forhåpningar, men berre statistikk å forholde oss til, seier Ingvill Henden, leiar for handelstanden på Nordfjordeid.

– Kvar enkelt turist legg i teorien att ein knapp tusenlapp. Det håpar me på, men så får me sjå.

Kritisk til utslepp

Jan Kjetil Paulsen, seniorrådgjevar for skipsfart i miljøorganisasjonen Bellona, heller kaldt blod i årene til dei mest ivrige tilhengarane av cruisebåttrafikken. Han er uroleg for miljøavtrykket frå ei næring som har rykte på seg for å ureine.

– Skipa brukar mest truleg meir straum enn heile kommunen medan det ligg ved kai, seier Paulsen.

I fleire cruisehamner går det og ein debatt om kor mykje folk små bygder og tronge bysentrum toler av masseturisme før reisemålet vert øydelagt.

Ordføraren i Eid er ikkje uroleg for dette på Nordfjordeid.

– Du har slike ekstreme tilfelle, med små bygder som Flåm og Geiranger som får tre–fire skip samtidig. Men Nordfjordeid er eit ganske stort og ope sentrum, og vi skal berre ha eitt skip om dagen. Så her har vi gjort det på ein måte som eg trur skal gå heilt fint.

Kanonsalutt for cruisehamnopning, Nordfjordeid

KANONOPNING: Denne gjengen ordna med salutt i høve det første cruiseskipet som kom til Nordfjordeid.

Foto: Harald Kolseth / NRK