Hopp til innhold

Turistnæringa om strengt cruisekrav: – Som å be om at alle fly til Bergen er elektriske

Vestlandshovudstaden følger Stortinget og krev at alle cruiseskip som besøker Bergen er heilt utsleppsfrie i løpet av åtte år.

Cruiseskipene ankommer Bergen

NULLUTSLEPP: Stortinget vil ha nullutslepp frå turistskip- og ferjer i verdsarvfjordane så snart det er teknisk gjennomførbart. No vil Bergen krevja det same.

Foto: Fred. Olsen Cruise Lines

Berre turist- og cruiseskip som seglar på straum eller hydrogen får i 2026 lov å segla inn dei viktigaste norske turistfjordane.

Det vedtok Stortinget i Klimameldinga i mai.

Målet er å ta vare på nasjonalskattane som står på Unesco si verdsarvliste.

Reiselivstopp: – Som å krevja elektrisk fly

I onsdagens bystyre vedtok Bergen å jobba for det same: Cruiseskip som frå 2026 seglar inn i Bergen hamn, må gjera det utan å sleppa ut klimagassar.

– Det er ein god ambisjon og visjon, og me støttar heilt klart at ein må leggja press på industrien for å bevega oss i retning av nullutslepp. Men å krevja at alle turistskip inn til Bergen skal vera utsleppsfri innan 2026, er urealistisk, seier administrerande direktør Kristian Jørgensen i Fjord Noreg.

– Det er som å be om at alle fly inn til Bergen skal vera elektriske i løpet av åtte år.

Utslipp fra cruiseskip i Bergen

CRUISEUTSLEPP: Cruiseskip brenn av drivstoff ved kaien i Bergen i mai i år.

Foto: Halfdan Hallseth / Fjord Productions

– Ei ny tid er varsla

Talet på cruiseturistar i Noreg har auka frå rundt 200.000 i år 2000 til nesten 800.000 i 2018, ifølge ein rapport frå Transportøkonomisk institutt (TØI).

Ein halv million reiser innom Bergen. Det gjer byen til landets travlaste cruisehamn.

Den sterke veksten er bakgrunnen for at bystyret i går vedtok å setja eit tak på tre skipsanløp eller 8000 cruiseturistar dagleg.

Merknaden om at ein i Bergen ønsker like sterke krav til turistskipa som i fjordane, begeistrar naturvernarane.

– Det er heilt fabelaktig. Det er berre å gratulera Bergen med å senda eit tydeleg signal til cruisenæringa om at ei ny tid er varsla, seier Gabriel Fliflet, leiar i Naturvernforbundet i Hordaland.

Ber fleire byar krevja nullutslepp

Bergen kommune vil ifølge klimabyråd Julie Andersland (V) be om ei lovendring, som sikrar at lokale styresmakter får bestemma omfanget av cruisetrafikken som legg til kai.

– Vedtaket i Bergen er svært gledeleg. SV vil fremja forslag i Stortinget om å endra lova slik at det blir mogleg for Bergen å innføra avgrensingane dei ønskjer, seier stortingsrepresentant Lars Haltbrekken (SV).

Han seier SV vil løfta saka om lovendringa over nyttår. Det er truleg for seint for å innføra cruisetaket allereie i cruisesesongen 2019.

Geiranger

STRENGE KRAV: Frå 2026 vil det ikkje vera lov for «ureine» turistcruise- og ferjer å segla inn i norske fjordar.

Foto: Lena Høyberg / NRK

Fryktar for reiselivet

Jørgensen i Fjord Noreg støttar cruisetaket, men meiner det er usannsynleg at nesten heile den internasjonale cruiseskipsflåten skal bli utsleppsfri innan 2026.

Reiselivsdirektøren trur reiselivet på heile Vestlandet kan stå i fare dersom ingen nullutsleppsskip får anløpa Bergen i 2026.

– Litt av tanken med stortingsvedtaket er at skipa som ikkje klarar å byggja om til nullutsleppsfunksjonar, må legga til ein annan stad. Dersom ein gjer den viktigaste anløpshamna på Vestlandet utilgjengeleg for såpass mange skip, vil ikkje cruiseturistar koma til Vestlandet.

Ifølge Bergens Tidende brenn cruiseskip i Bergen av om lag 7000 tonn drivstoff i løpet av eit år.

– Skulle det bli umogleg for skip å legga til i Bergen i 2026, vil eg absolutt vera bekymra for turistnæringa på Vestlandet. Samstundes er eg bekymra for den veksten me no ser i cruisenæringa, der me har mangla klare husreglar, seier Jørgensen.