NRK Meny
Normal

KOMMENTAR: Bygdelista utfordrar dei etablerte partia i Balestrand

I Balestrand har omstridde nedleggingar gjort skulestrukturen til ei heit potet i valkampen. Den nystarta Bygdalista håpar å stele stemmer frå dei etablerte partia ved å kjempe for bygdeskulane.

Balestrand

SKULESTRID: I Balestrand utfordrar Høgre og Senterpartiet ordførarmakta til Harald Offerdal (Ap). Den nystarta bygdelista håper å stele stemmer frå dei alle saman ved å ta eit klart standpunkt for bygdeskulane.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Vallogo

Høgre har vore største partiet i Balestrand dei to siste vala, men for fire år sidan måtte likevel Einar Målsnes (H) gje frå seg ordførarklubba til Harald Offerdal (Ap). Offerdal stiller på igjen, men blir utfordra av noverande varaordførar Arnstein Menes (Sp) og Lars Trygve Sele (H). Dei andre listetoppane er Aud Kari Isane (SV) og Frode Bøthun (KrF). Begge var listetoppar også sist. Venstre stiller med 24 år gamle Hanna Menes på topp, og så har Balestrand i år fått ei ny liste: Bygdalista, med Ingvard Åberge på topp.

Bygdelista kom etter at fleirtalet i Balestrand kommunestyre vedtok å legge ned Fjordtun skule og Nesse skule av økonomiske grunnar. Elevane frå dei to skulane på kvar si side av Balestrand sentrum skal no busse dei 20–25 kilometrane til skulen i Balestrand. Skulesaka skapte sterkt engasjement, og dei politiske partia delte seg. Arbeidarpartiet, Høgre og KrF var for nedlegging, Senterpartiet og Venstre var imot, medan SV berre ville flytte 4. til 7. klasse.

Sjølv om det var parti som kjempa samla mot skulenedlegging, vart det etter vedtaket i kommunestyret oppretta ei eiga liste som berre har skule som sak. Ingvar Åberge toppa lista, og då NRK ville ha greie på kva Bygdelista meinte om andre saker i kommunen, var svaret at dei berre konsentrerte seg om skulesaka. I alle andre saker fekk dei som står på lista meine det dei ville. Ved valet i Balestrand i år blir det spennande å sjå om denne saka kan føre til tap eller vinst for parti – alt etter standpunkt i skulesaka.

I diskusjonen om kommunesamanslåing er Balestrand litt i villreie. For kommunikasjonen er det tungvindt med «ekteskap» både innover mot Leikanger og over fjorden mot Vik. Bru mellom Dragsvik og Hella synest framleis å ligge langt fram i tid. Dermed er Høyanger det mest aktuelle alternativet, men Høyanger og Balestrand blir framleis ein liten kommune ut frå regjeringa sine ønskje.

Så Balestrand har framleis eigen kommune som første punkt på si liste, Balestrand og Høyanger pluss eventuelt Hyllestad som nummer to, og Sogndal, Leikanger, Vik og Balestrand som det tredje alternativet dei ser på. I tillegg har Sogn regionråd sett i gang utgreiing av ein storkommune av alle sogne-kommunane til og med Høyanger.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser