Hopp til innhold

Budsjettkutt skal ikkje råke arbeidet mot skrantesjuka

Kampen mot skrantesjuke er så viktig for Mattilsynet at dei ynskjer å verne arbeidet med skrantesjuka mot budsjettkuttet til regjeringa.

Reinsdyr skoten

VIKTIG: Kampen mot skrantesjuke er svært viktig for Mattilsynet.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Me bruker absolutt alle dei ressursane som er naudsynte på å kjempe mot skrantesjuka, seier Bjørnar Jacobsen, hovudtillitsvalt for Akademikerne i Mattilsynet.

Regjeringspartia Venstre og KrF er blitt einige om statsbudsjettet neste år, noko som kan gå hardt utover Mattilsynet og deira budsjett.

Det var Nationen som fyrst omtalte saka.

Budsjettkutt

– I samband med budsjetthandling har mattilsynet fått eit ekstra kutt på 25 millionar. Viss ein då tek høgde for at me ikkje har fått noko tilleggsbevillingar for kjempinga mot skrantesjuke så gir det eit budsjettsvikt på 65 millionar kroner, seier Jacobsen.

Mattilsynet har særleg fokus på skrantesjuke, og brukar mykje ressursar og tid på det som skjer i Nordfjella no. Sjølv om dei får 65 millionar kroner mindre å rutte med i budsjettet for 2018, ynskjer dei ikkje at dette skal gå utover arbeidet dei legg ned i å kjempe mot skrantesjuka.

Skrantesjuka er viktig

– Skrantesjuka er så viktig at det vil sitte langt inne for Mattilsynet at budsjettkuttet skal få konsekvensar for det me kjempar mot i Nordfjella. Me vil nok heller måtte kutte andre stader for å verna arbeidet med skrantesjuke, seier Jacobsen.

Han meiner konsekvensane av budsjettet regjeringa har lagt fram er alvorleg for Mattilsynet, spesielt når dei sjølve ikkje vil la det gå utover arbeidet som blir gjort med skrantesjuka.

– Me ser føre oss at det blir aktuelt å seie opp tilsette, me må kanskje sentralisere kontora våre, og ikkje minst leggje ned kontorstader. Det kunne blitt urovekkjande viss det hadde gått utover arbeidet mot skrantesjuke, men det kan også bli dramatisk viss det går utover aquakulturnæringen, eller antibiotikaresistens, seier han.