Hopp til innhold

Klar for tøffe månader med alliansebygging

Fylkesordførar Jenny Følling (Sp) er budd på travle månader i kampen for å overtyde samferdsleministeren om å velje Hemsedalsfjellet som hovudveg. Fram mot 1. september skal ho jakte på vegvener både i nord og sør.

Jenny Følling

TRAVLE MÅNADER: Fylkesordførar Jenny Følling i Sogn og Fjordane er budd på travle månader fram mot 1. september.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Vegvesenet presenterte i dag planen for utgreiingane dei skal gjere av Hardangervidda og Hemsedalsfjellet. Ein av fjellvegane skal bli hovudveg mellom Austlandet og Vestlandet i framtida, det store spørsmålet er berre kva av dei.

Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen har nemleg ikkje bestemt seg. No har han bestilt såkalla konseptvalutgreiingar for begge traseane frå Vegvesenet.

Det arbeidet har Følling tenkt å gjere sitt for å påverke.

– Vi får vere med i denne prosessen, og det blir viktig for oss å få inn dei argumenta som er viktige for Sogn og Fjordane slik at valet fell på Hemsedalsfjellet, seier fylkesordføraren.

– Den desidert beste løysinga

Mange let seg irritere då samferdsleministeren 18. desember i fjor gav grønt lys for E134 over Haukelifjell som hovudveg mellom aust og vest, men samtidig ikkje hadde bestemt seg for anten Hemsedalsfjellet eller Hardangervidda.

No er Vegvesenet i gang med grundige utgreiingar som skal vere klare til 1. september. Dei komande månadane kjem Jenny Følling til å bruke mykje tid på å kjempe for riksveg 52 over Hemsedalsfjellet. Ho meiner Sogn og Fjordane har fellesinteresser med både Hordaland og Rogaland, og at desse alliansane må utviklast vidare.

– Dette er ein næringsveg og ein veg for tungtransporten. Stamvegtraseane blir bygde med høgare standard for at vogntog skal gå der, og stigning har også noko å seie for transportøkonomien, argumenterer Følling og held fram.

– Hemsedal kjem godt ut, saman med E134 og Hordalandsdiagonalen, og dei to vegane dekkjer saman heile Vestlandet og er den desidert beste løysinga. Det er det viktig for oss å få fram.

Hardangervidda og Hemsedal på kart

HOVUDVEG: Hemsedalsfjellet lengst nord eller Hardangervidda lenger sør?

Foto: NRK/Google

Klar for månader med alliansebygging

Med vel sju månader fram til 1. september legg ho ikkje skjul på at det blir travelt framover. Men saka er viktig for Sogn og Fjordane, fylkesordføraren ser seg ikkje råd til å kvile på laurbæra.

Vi må bruke tida godt. Det er viktig for Sogn og Fjordane, men også for Søre Sunnmøre og Bergen at Hemsedal blir valt, seier Følling.

Nyleg gjekk fylkesordføraren i Hordaland, Anne Gine Hestetun, ut med støtte til Hemsedalsfjellet, framfor Hardangervidda. Sjølv om ho med dette gjekk mange imot, var ho klar på at omsynet til heile Vestlandet var viktigare enn Bergens-interessene.

Følling viser vidare til at store nasjonale organisasjonar som NHO, LO, Norges Lastebileigarforbund og Opplysningsrådet for Vegtrafikk også er for Hemsedalsfjellet.

No er ho klar for månader med alliansebygging på kryss og tvers, og seier dei mellom anna har samtalar med fylka Rogaland og Telemark.

– Eg meiner vi har dei beste argumenta for Hemsedalsfjellet. No handlar dette om alliansar for at ein også politisk vel den traseen som har dei beste argumenta.