NRK Meny
Normal

Fantastiske kraftinntekter gir opptur for Terra-kommune

Den hardt råka Terra-kommunen Bremanger har måtte kutte mellom 20 og 30 millionar kvart år sidan Terra-skandalen, men friske kraftmillionar trillar no inn på konto.

Bremanger kommune
Foto: Nyhetsspiller

Venstrepolitikar Åge Senneset gler seg til at kommunen kan satse i framtida.

– Vi har tenkt at det må komme alle innbyggjarane i Bremanger til gode. Dermed ønskjer vi å fjerne eigedomsskatten, som vart innført i år på privathus og private eigedommar i kommunen, seier Åge Senneset.

Terra-kommunen Bremanger har berre tre år igjen før dei har betalt ned det enorme tapet på vel 200 millionar etter Terra-skandalen i 2007.

Heimfallsavtale gir fond for kommunen

Framover vil kraftmillionane trille inn på konto. Måndag kom Sogn og Fjordane Energi med tal som viser at kommunen i fjor henta inn 52 millionar på ulike kraftinntekter. Økonomisjef i SFE, Martin Holvik, seier det er betydelege beløp.

– Det er snakk om eigedomsskatt og verdi av konsesjonsskatt som kommunane får, konsesjonsavgifter og naturressursskatt, seier Holvik.

Martin Holvik

VIL MERKAST: Økonomisjef i SFE, Martin Holvik, fortel at det er snakk om monalege beløp.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

I tillegg har kommunen nyleg godkjent ei heimfallsavtale med Statkraft som kompensasjon for framtidige inntekter. 172 millionar skal inn på eit fond for kommunen.

Når avskrivingane etter Terra-tapet er ferdige, vil politikarane kunne plusse på budsjetta med mellom 20 og 30 millionar årleg.

Kan bli attraktive på marknaden

Det vil innbyggarane få merke meiner Senneset.

– Vi ser litt inn i kula, og har friarar på bana som ønskjer ei kommunesamanslåing med Bremanger. Det er nok eit godt partnarskap for nabokommunane å inngå eit partnarskap med Bremanger, viss det skulle komme til det at ein skal slå saman kommunar, seier Senneset.

– Vil det kunne bety at kraftpengane renn ut mellom fingrane til dei som faktisk bur i Bremanger?

– Det er vanskeleg å seie, men vi får vel prøve å sikre oss, seier Senneset.

Tapte på verdipapir

Det var i 2007 det vart avdekt at Bremanger og er rekkje andre norske kommunar hadde tapt svimlande summar i samband med den såkalla Terra-skandalen. Kommunen hadde gambla på risikofylte verdipapir, og det samla tapet var på 270 millionar kroner. Sidan den tid har kommunen betalt ned store summar, slik at underskotet no er nede i 145 millionar kroner.


Første hybridferje er på plass på Anda-Lote
Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.