Hopp til innhold

Bøndene produserer for lite storfekjøt

Medan overproduksjon av mjølk blir dumpa i utlandet, blir 20 prosent av storfekjøtet importert. No manglar det 50.000 ammekyr for å sikre nok norsk storfekjøt, meiner bransjen.

Snille okser på Haramsøya

POTENSIAL: Skal norske forbrukarar mettast trengst det tusenvis av slike oksar.

Foto: Magne Åkre

Det blir produsert for lite norsk storfekjøt, og underskotet ser ut til å berre vekse i åra som kjem. Årsaka er at bøndene har kyr som gir frå seg stadig meir mjølk, og då trengst det færre kalvar.

No har Norge stort overskot av mjølk som blir prisdumpa i utlandet, men på same tid må forbrukarane ete importert storfekjøt. Ifølgje Nortura er 20 prosent av alt storfekjøt i Norge importert.

– Vi har for lite storfekjøt, og det trengst fleire som satsar, meiner småbrukar Erhard Martin på Nordfjordeid.

Importerer 20 prosent av alt storfekjøt.

På garden i Eid driv Martin småskala med storfekjøt, av den vesle rasen Dexter.

Tyskaren har budd i Norge i ein mannsalder og er ein av altfor få bønder som har spesialisert kjøttfe på norske gardar.

– Vi har skrikande behov for storfekjøt, og då bør det satsast på det, meiner Martin.

Erhard Martin

SMÅPRODUSENT: Erhard Martin har vore kjøttfeentusiast i fleire år, men driv no i mindre skala med minirasen Dexter. No ynskjer bransjen 50 000 fleire kjøtfe i åra som kjem.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Manglar 50.000 ammekyr

Norske kyr gir frå seg stadig meir mjølk, men for lite kjøtt. Ifølgje bransjen manglar det 50.000 kyr av reine kjøttrasar for at norske kundar skal få nok kjøtt.

Leif Helge Kongshaug

PARADOKS: Leif Helge Kongshaug meiner det er eit stort paradoks at ikkje fleire bønder har byta til kjøttfe.

Foto: Trond Vestre / NRK

I desse dagar fryktar bøndene nedlagde gardsbruk og attgroing fordi Stortinget vil forby eksportstøtte av Jarlsberg. Bøndene meiner det kan redusere norsk mjølkeproduksjon med 120 millionar liter. Færre mjølkekyr betyr igjen endå færre oksekalvar.

Styreleiar i organisasjonen Tyr, Leif Helge Kongshaug, er tillitsvald for norskje kjøtfeprodusentar. Kongshaug meiner det er eit stort paradoks at ikkje fleire bønder for lengst har bytta til kjøtfe.

– Det aller verste er jo at forbrukarar som ynskjer norsk kjøt, ikkje finn det i butikkhyllene.

– Treng 500.000 dekar jordbruksland

Bøndene fryktar også at over 100.000 dekar jordbruksareal kan forsvinne som følgje av at eksportstøtta til Jarlsbergost blir ulovleg.

Kongshaug meiner landbruket må omstille seg, og at det må bli endå større lønsemd i produksjonen.

I dag importerer vi 13.000 tonn med storfekjøt. Med 50.000 fleire ammekyr for å få marknaden i balanse trengst det også 500.000 dekar jordbruksland meiner han.

– Vi har ein jobb å gjere

Landbruksminister Sylvi Listhaug

VIL IKKJE: Landbruksminister Sylvi Listhaug vil ikkje kommentere saka.

Foto: Solum, Stian Lysberg / NTB scanpix

Kongshaug meiner både bondeorganisasjonane og politikarane har satsa på å støtte mjølkeproduksjon framfor kjøt. Det har gjort at det har vore meir å tene på mjølk.

Landbruksminister Sylvi Listhaug vil ikkje kommentere saka, medan bondelagsleiar i Sogn og Fjordane, Anders Felde, ikkje vil ofre eksportstøtta til Jarlsberg for å vri produksjonen til storfekjøt.

– Vi slepp ikkje frå oss Jarlsberg utan vidare, men vi må kunne ha to tankar i hovudet på same tid. Jarlsbergeksporten bidreg med mykje storfekjøt fordi det trengst kyr til å produsere 120 millionar liter mjølk, samtidig må vi kunne greie å auke ammekuproduksjonen.