Trass færre bønder, vil regjeringa no ha meir matproduksjon i Norge

Dei siste åra har ein av tre gardar forsvunne. No vil regjeringa at bøndene skal auke matproduksjonen. – Det blir vanskeleg, seier bøndene.

Kyr på beite

MEIR MAT: Regjeringa vil at norske bønder skal stå for endå meir matproduksjon i framtida.

Foto: Gunnar Morsund / NRK

I landbruksmeldinga som vart lagt fram fredag lovar regjeringa at Norge skal produsere 20 prosent meir mat 20 år frå no. Men bøndene sjølv tvilar på om det går.

Over fleire år har det sett ein klar og tydeleg trend. Ein etter ein gjer bøndene opp og vil ikkje lenger drive gardane sine. Bonde Knut Tore Nes Hjelle i Eid håpar at politikarane får set dei store orda i meldinga ut i handling.

– Det er mykje positive ord i denne landbruksmeldinga, men det må skje i praksis også.

Høyr debatten mellom Sp-leiar Liv Signe Navarsete, bondelagsleiar Per Hilleren i Sogn og Fjordane og Martin Braanaas Kleppe i Bonde- og småbrukarlaget under.

– Det kan ikkje bli færre bønder no

I takt med at det blir stadig fleire munnar og mette verda rundt, vil regjeringa at Norge skal vere like flinke på å forsyne seg sjølve med mat i framtida. Det betyr at bøndene i Norge må produsere endå meir mat. Men samtidig stuper talet på bønder her til lands.

Berre i Sogn og Fjordane har talet mjølkebønder blitt halvert frå over 2000 for ti år sidan til i dag om lag 1000 i dag.

Nes Hjelle meiner det må bli ein slutt på nedlegging av gardsbruk skal regjeringa sin politikk henge saman.

– Skal vi klare å produsere slik vi gjer i dag, og attpåtil produsere meir, så må vi har så mange bønder som vi har i dag, seier bonden på Nordfjordeid.

(Artikkelen held fram under videoen)

Video Meir tilskot til vestlandsbøndene

MEIR TILSKOT: Talet på gardsbruk har stupt på Vestlandet på 2000-talet. I dag kom ei ny stortingsmelding om landbruket, der det blir foreslått eit nytt tilskotssystem for å snu trenden.

La fram ambisiøs «plan»

Det var landbruksminister Lars Peder Brekk som i dag presenterte regjeringa si landbruksmeldinga. I den står det svart på kvitt at regjeringa vil jobbe for at det skal bli fleire gardsbruk.

Dei vil og at det småskalajordbruket skal få halde fram, samtidig som dei vil halde på distriktsprofilen som vil kome bøndene i Sogn og Fjordane til gode.

– Meldinga er ambisiøs. Men regjeringa er klinkande klar på at vi skal auke matproduksjonen i Norge, seier Brekk.

Håpar å snu trenden

Lars Peder Brekk

VIL SNU: Landbruksminister Lars Peder Brekk håpar dei kan snu trenden med nedlegging av stadig fleire gardsbruk.

Foto: Johansen, Erik / SCANPIX

Odelslova vil bli endra slik at det berre er born og barneborn som har odel, og ikkje halve slekta slik som i dag. Men odelsretten blir strammare, og jordvernet sterkare.

I tillegg skal det bli enklare å skilje frå gardstun frå resten av jorda for at bøndene skal få tilleggsjord og tuna lettare kan omsetjast. I det heile teke er meldinga prega av ambisjonar, men færre konkrete tiltak. Mellom anna når det kjem til inntektene til bøndene. Men landbruksminister Lars Peder Brekk forsvarar meldinga.

– Vi skal vidareføre og vidareutvikle inntektspolitikken, men vi skal også jobbe med rekrutteringstiltak. I det heile teke skal vi ta i bruk ei rekkje verkemiddel for på påverke bøndene til å halde fram, seier Brekk.

Vi må få betalt

Dei siste 11 åra har ein av tre gardar her til lands forsvunne dei siste 11 åra, frå 70000 til vel 45000 i dag.

Nes Hjelle forstår at det er mange som gir seg, og meiner at høgare inntekt er grepet som må til for å sikre nok bønder til å forsyne landet med eigen mat.

– Vi må ha betalt for den jobben vi gjer. Når ein ikkje får det og må ut i anna arbeid, så forstår eg godt at mange gjer seg med den delen av arbeidet som ikkje svarar seg, seier bonden.