Ho er skulda for å vere både overgripar og terrorist

Den tidlegare leiaren av Sogn barnevern, Clara Øberg, har fått nok av innlegga på bloggen til Alf Kollsete.

Clara Øberg, montasje med sitat

SJIKANERT: Clara Øberg har opplevd å bli uthengd av ein nettbloggar. Saka skal opp i Sogn og Fjordane tingrett i morgon.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Terrorist, overgripar og eit menneske utan skruplar er nokre av karakteristikkane den tidlegare barnevernsleiaren har fått på bloggen til sambygdingen.

I dag møtest partane til hovudforhandling i Sogn og Fjordane tingrett.

– Det er påtalemakta si oppfatning at skildringane på bloggen er såpass graverande og alvorlege at det var rett å ta ut tiltale, seier politiadvokat Ingeborg Drægebø.

NRK har snakka med Øberg som ikkje vil seie noko før ho har vitna i retten i dag.

Meldt for andre gong

Øberg politimelde Kollsete for liknande forhold i 2015, men kapasitetsproblem gjorde då at påtalemakta la vekk saka.

Kollsete sin dåverande advokat, Louis Anda, har tidlegare uttala til Sogn Avis at sjikanen ikkje var verre enn at ho måtte tole den.

Fleire saker har dei siste åra utløyst debattar om ytringsfridom og kva folk må finne seg i. I september varsla Stormberg-eigar Steinar Olsen søksmål mot Tommy Sharif for ærekrenkingar.

– God grunn til å forfølge

– Ytringar som gjer det vanskelegare for folk å gjere jobben sin, er det god grunn til å forfølge, seier Elin Ørjasæter.

– Folk skal få utføre jobben sin utan å måtte sjå seg over skuldra.

Ho har tidlegare gjort seg merka med å ville avskaffe den sokalla «rasismeparagrafen» (paragraf 185) fordi «ytringsfridomen er godt nok regulert som den er». Ho har også etterlyst «den gamle kunsten å heise på skuldrene».

– Folk er stygge i kjeften. Slik har det alltid vore, og det går det ikkje an å regulere seg vekk frå.

Ho vil likevel ikkje uttale seg for kategorisk om saka som skal opp i morgon:

– Dersom bloggaren kjem med det som openbert er hans egne subjektive vurderingar, har jo ikkje dette særleg skadepotensial. Men dersom han kjem med fakta som er feil, eller fakta som krenker privatlivets fred, er saka ei helt anna.

– Greitt å avgrense ytringsfridomen

– Det er helt greitt å avgrense ytringsfridomen, seier Berit Aalborg, politisk redaktør i Vårt Land.

Berit Aalborg

– Det er helt greitt å avgrense ytringsfridomen, seier Berit Aalborg, politisk redaktør i Vårt Land.

Foto: Vårt Land

Ho seier at den uavgrensa ytringsfridomen er ein fantasiskapning fordi det å utvide den for nokon alltid inneber å innskrenke den for andre. For to år sidan politimelde ho ein som skreiv til henne og håpa at ho vart «gruppevaldteken og mishandla av ein gjeng svarte svin». Hennar første respons var å ignorere det.

– Eg tenkte at eg er ei vaksa dame som toler dette, men så merka eg at det gjorde noko med meg. At eg vart meir vaktsam og mista noko av fridomen min.

Retten konkluderte på same vis og skrev at den domfelte «ved å framsette denne type ytringar ikkje berre angrip redaktørens ytringsfridom, men også påverkar alle andres ytringsfridom, ved at man for å unngå denne type utsegn, unngår å delta og ytre seg i samfunnsdebatten.»

Sjeldan til retten

Politiinspektør Ronny Iden seier dei har mange slika saker på bordet, men at det sjeldan resulterer i straffereaksjonar.

– Det er tidlegare gjeve fleire førelegg på tilsvarande, men ein ser relativt sjeldan at slike saker blir brakt til retten.

Alf Kollsete ville ikkje snakke med NRK i framkant av rettssaka, men har til Sogn Avis uttalt at han meiner det må vere lov å ytre seg på bloggen slik som han har gjort:

– Eg har berre forsvart familien min mot offentleg overgrep og det må eg vera i min fulle rett til å gjera i ein demokratisk stat.

Flere nyheter fra NRK Sogn og Fjordane