Os-ordførar og Frp-topp Terje Søviknes (Frp) er blant dei som er oppgitt over at Sogn og Fjordane ikkje vil ta med seg fleire titals kraftmilliardar inn i nye Vestland fylke. Han har blant anna sagt at handlingane til Sogn og Fjordane vil bli lagt merke til.
– Slike påstandar er øydeleggande. Eg meiner at det no er på tide å godta det vi har avtalt, og det tener ingen til ære å dra med seg misnøye og hemnlyst når vi skal byggje eit nytt vestlandsfylke. Det er på tide å gravleggje stridsøksa og gå vidare, seier fylkesordførar Jenny Følling til NRK.
– Uforståeleg av hordalendingane
Det er i eit lesarbrev Følling har sendt til ulike redaksjonar at ho tek eit oppgjer med reaksjonane.
– Det er uforståeleg at enkelte politikarar i Hordaland kjem med trugsmål om straff når Sogn og Fjordane berre gjennomfører det som er nedfelt i intensjonsavtalen mellom dei to fylka, skriv ho.
– På veg ut av politikken
Med «enkelte politikarar» legg ikkje Følling skjul på at det er Os-ordførar og toppkandidaten til Vestland Frp, Terje Søviknes og noverande fylkesvaraordførar Pål Kårbø (KrF) ho tenkjer på. Begge var raskt på banen og kritiserte vedtaket til fylkestinget nord og ned.
Søviknes hevda på si side at vedtaket ikkje var nokon god start på det nye fylket.
Stiller spørsmål ved engasjementet til Søviknes
Om Kårbø seier Følling at ho opplever at han er på veg ut av fylkespolitikken, men Søviknes sitt engasjement for saka synest ho er meir interessant.
– For det første vil ikkje Frp ha fylkesnivået og for det andre har Søviknes sjølv gått i spissen for å selje kraftaksjane til Os kommune. Difor stiller eg spørsmål ved hans interesse for dette akkurat no, seier Følling til NRK.
Vil ikkje grava ned stridsøksa endå
– I lesarbrevet viser ho berre til éi setning, og den tek ho ut av kontekst. Den gongen me diskuterte intensjonsavtalen var det aldri drøfta å gi vekk verdiar for mellom to og to og ein halv milliard kroner til kommunane i Sogn og Fjordane, svarar Terje Søviknes.
– Så det er ikkje mogleg å grava ned stridsøksa heilt enno?
– Det er nok ikkje det. Eg må presisera at eg aldri har brukt ordet hemn, men ei slik handling frå Sogn og Fjordane vil bli lagt merke til. Viss ikkje ein trur det, er ein rimeleg naiv, avsluttar han.