Velstand til Vestland-kommunar får KrF-topp til å sjå raudt

Frykt for hemn, motreaksjonar og dårleg samarbeid pregar politikarane etter at kommunane i Sogn og Fjordane no får milliardar av kroner før samanslåinga med Hordaland.

KrFs landsmøte 2017.

SVÆRT KRITISK: Pål Kårbø (KrF) likar svært dårleg at Sogn og Fjordane skal gje vekk milliardar av kroner til kommunane før samanslåinga med Hordaland.

Foto: Ned Alley / NTB scanpix

– Den grunnleggande tilliten me hadde i forhandlingane er i alle fall litt skada, seier Kårbø. Ein kan ikkje berre ta, slik som eg opplever det i denne saka. Det tærer på godviljen, seier Pål Kårbø (KrF), varafylkesordførar i Hordaland.

Fylkestinget i Sogn og Fjordane vedtok i går å halde på kraftmilliardane i fylket. Dei vil blant anna gje 80 prosent av aksjane i Sogn og Fjordane Energi til kommunane før fylkessamanslåinga.

Fleire fylkespolitikarar i Hordaland synest dette er ein dårleg start på samarbeidet mellom dei to fylka, og varslar at dette vil få konsekvensar.

– Når Sogn og Fjordane fylkesting skjer gjennom slik er det naturleg at me vil hugse dette i arbeidet vidare, seier Kårbø.

– Kva meiner du med at de kjem til å hugse det?

– Det betyr jo at samarbeidet har fått eit lite skot for baugen. Me trudde at kraftaksjane skulle drøftast og avklarast i fellesnemnda.

– Veldig dårleg inngang

Fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Jenny Følling, synest det er leitt at hordalendingane tek det på denne måten.

– Eg reagerer på at dei varslar motreaksjonar og hemn. Dette kjenner eg ikkje som dei demokratiske spelereglane me har. Eg synest dette er ein veldig dårleg inngang seier fylkesordføraren i Sogn og Fjordane.

Ho viser til ein intensjonsavtale som ho meiner gjev Sogn og Fjordane lov til å fordele aksjane på denne måten.

– Me har handla i tråd med avtalen. Der står det at me kan halde desse verdiane utanfor, seier Følling.

– Tilliten er skada

– Der meiner eg at me har ei ulik verlegheitsoppfatning, seier Pål Kårbø.

Han har prata med fleire som har vore med i desse diskusjonane.

– Eg kan ikkje hugse, og det kan heller ikkje andre som var i rommet, at me har hatt ein diskusjon om kraftverdiane, at dei skulle gjevast vekk, seier han.

– Kan dette setje ein brems og i verste fall stoppe fylkessamanslåinga?

– Nei, det trur eg ikkje. Og me sit ikkje og kjeftar på kvarandre heile tida. Men denne saka har vore krevjande.

Fellesnemnda skal greie ut dei store sakene som er viktige for begge fylka før samanslåinga. Ho består av 15 medlemmar frå Hordaland, ni frå Sogn og Fjordane.

Meiningar på kryss og tvers av fylka

Tom-Christer Nilsen (H) sit på Stortinget for Hordaland. Han skildrar situasjonen slik:

– Dette er litt som om ein skulle inngå eit ekteskap og den eine parten gjev bort store delar av formuen rett før ein går opp kyrkjegolvet. Det er ikkje ein god start på eit langt og lukkeleg ekteskap.

Ikkje alle fylkespolitikarane i Sogn og Fjordane meiner avgjerda fylkestinget tok var den rette. Frank Willy Djuvik (Frp) forstår at politikarane i Hordaland er skuffa over avgjerda.

Frp røyster i fylkestinget

VIL HA PENGANE SJØLVE: Fylkestinget i Sogn og Fjordane har bestemt at dei ikkje vil dele kraftmilliardane med Hordaland, eit drygt år før samanslåinga. Her røyster Frp-delegatane Marita Aarvik og Frank Willy Djuvik mot forslaget.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK