Hopp til innhold

Befolkning: 500. Turistar: 9000

OLDEN (NRK): Den vesle bygda har aldri opplevd fleire turistar på ein og same dag. Over 9000 cruisepassasjerar kom i dag til Olden.

To cruisebåtar på plass i Olden

TO SKIP: Over 9000 turistar, pluss eit par tusen menneske som mannskap.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Dette er ny rekord, for andre året på rad. Det nye cruiseanlegget opna i mai i år, og tysdag fekk hamna prøve ut anlegget på årets travlaste dag.

– Vi har fått det flott til. No byrjar det å ramle gjestar i land, og det er mange blide fjes å sjå, seier driftssjef, Sølve Oldeide.

Bygda Olden har 500 innbyggarar til vanleg. Dei er vane med eit stort trykk av turistar om sommaren. Inkludert båtmannskapet, på i overkant av 2000 personar, har over 20 gonger folketalet vore på plass tysdag. Det er ei folketalsauke på over 2000 prosent.

– Mesteparten av dei dreg på utflukter. Men det set sitt preg på bygda Olden, ja, det er heilt sikkert, seier Oldeide.

Turistane skal deretter fraktast med buss til utflukter rundt om i Nordfjord og Sogn og Fjordane. 80 turbussar er venta til Olden.

– Denne logistikken her inne har gått i mangfaldige år, seier Oldeide, og held fram.

– Dette er eit logistikknutepunkt, og me greier å ta unna den trafikken.

Miljø

NRK har skrive om nye reglar for verdsarvfjordar, som gjeld frå i år av. Det skal halde dei mest forureinande båtane unna mellom anna Nærøyfjorden og Geiranger. Desse reglane vert ikkje Olden råka av, men dei tenkjer på miljøet når dei får besøk av store cruiseskip.

– Ingen av skipa som kjem hit i dag går på tungolje, og det er noko me har hatt ein dialog med reiarlaga om, seier Oldeide.

Fleire tusen turistar i Olden

REKORD: For andre år på rad sette Olden rekord i talet på turistar på ein dag. 9000 tok turen tysdag.

Foto: Harald Kolseth / NRK

Politisamarbeid

Driftssjefen seier at dei også har fått hjelp av politiet for å halde kontroll på situasjonen.

– Eg er veldig glad for kommunikasjonen med politiet, og dei har sagt seg villige til å kome med ein patrulje i dag. Då roar folk seg, og trafikken vert også rolegare, seier Oldeide.

9000 turistar tok turen til Olden, juli 2019
Foto: Harald Kolseth / NRK