Hopp til innhold

No skal smogen vekk frå fjordane

FLÅM (NRK): Regjeringa kastar dei mest forureinande cruiseskipa ut av verdsarvfjordane på Vestlandet.

Geiranger

RØYK: Ureining frå cruiseskipa er blitt eit problem i verdsarvfjordane.

Foto: Lena Høyberg / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Turistmagnetane tar imot hundrevis av cruiseskip i året. Enkelte dagar har lufta i Geiranger vore skadeleg for folk si helse.

No har Klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V) tiltaka klare (sjå faktaboks), og ser for seg at andre fjordar kjem etter.

– No får vi strengare krav til utslepp. Det er heilt nødvendig å få betre luftkvalitet i Geiranger og Nærøyfjorden.

Ifylgje Elvestuen blir det slutt på bruk av tungolje i verdsarvfjordane.

– Vi har også gitt ei bestilling til Sjøfartsdirektoratet om å sjå på andre fjordar der vi kan stille dei same krava.

Vil sjå på andre fjordar

Regelverket skal innførast gradvis frå dags dato.

Ola Elvestuen

RESTRIKSJONAR: Dei eldste og mest ureinande cruiseskipa vil bli nekta å kome inn verdsarvfjordane.

Foto: Eirik Hind Sveen / NRK

– Det blir strengare frå 2020, så 2022 og deretter 2025.

Risikerer ein at cruiseskipa berre tar turen til andre norske hamner?

– Vi må forvente at næringa tek dette på alvor, og brukar skip som ligg under grenseverdiane, svarar Elvestuen.

– Cruisetrafikken vil bli betydeleg redusert

Hamnesjef i Aurland, Jostein Lange Bergset, seier det kjem 163 cruiseskip til Flåm i år.

Han er positiv til at lufta i bygda skal bli reinare.

– Vi synest det er kjempepositivt, men vi vil gjerne at det også skal gjelde nasjonalt. Då vil vi unngå at cruiseskipa berre går til ei nabohamn for deretter å ta buss inn til Flåm, og ein kan påverke næringa globalt, seier Bergset.

Dei nye krava er berre starten. Frå 2026 har Stortinget vedteke at Geiranger og Nærøyfjorden skal vere heilt utsleppsfrie.

Hamnesjef i Aurland Jostein Lange Bergset

HAR TRUA: Hamnesjefen i Aurland, Jostein Lange Bergset, har trua på nye miljøkrav i verdsarvfjordane.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

– Cruisetrafikken vil bli betydeleg redusert. Vi vil få ein auke av trafikk på land, der cruiseskipa har gått til andre hamner og tatt buss til Flåm. Det er ikkje nødvendigvis positivt. Vi har pressa parkeringsplass her, seier Bergset.

Cruisenæringa fryktar symbolpolitikk

Morten Kinn er direktør for skipsklarering i European Cruise Service, han meiner dei nye krava er overkomelege.

– Når det gjeld sjøutslepp har ikkje båtane sleppt ut tidlegare heller. Nokre skip må over på lettare drivstoff, men det vil vere overkomeleg, seier Kinn som ikkje ventar store reduksjonar i trafikken.

No førebur bransjen seg til slaget om 2026.

– Skal Geiranger og Flåm vere utsleppsfrie så vil det ikkje kome nokon skip der, seier Kinn.

Han fryktar skipa vil droppe Noreg.

– Skal eg vere ærleg så vil eg seie ja til at det ber preg av symbolpolitikk. Cruise står for 0,13 prosent av dei totale Co₂-utsleppa i verda, men skipa er veldig synlege når dei ligg til kai, seier Kinn.

Ola Elvestuen seier cruisenæringa må ta innover seg endringane.

– Vi må få ein reinare og grønare skipsfart, det må også cruisenæringa vere ein del av.