Hopp til innhold

Får 700.000 kroner i bot for utslepp i verdsarvfjordar

Røykutsleppet avslørte dei. No må cruiseskipet MS «Magellan» betale eit gebyr på 700.000 kroner etter at dei slapp ut for mykje svovel under eit besøk i fleire fjordar på Vestlandet i april.

MS «Magellan».

RØYKUTSLEPP: MS «Magellan» kom frå England til Noreg i april og ureina meir enn dei hadde lov til i to verdsarvfjordar. Dette biletet er teke av skipet 16. april i år, same dagen som direktoratet fekk ei bekymringsmelding.

Foto: Sjøfartsdirektoratet

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

16. april tok Sjøfartsdirektoratet imot ei bekymringsmelding om røykutslepp frå det 36 år gamle Bahamas-registrerte cruiseskipet «Magellan» som låg til kai i Flåm.

No har dei varsla det greske reiarlaget Global Cruise Lines Ltd om at dei kjem til å få eit historisk høgt gebyr på 700.000 kroner for å ha brote regelverket.

– Eignar seg ikkje å seie høgt

Bekymringsmeldinga blei følgt opp med tilsyn om bord då skipet kom til Geiranger neste dag. Inspektørane frå Sjøfartsdirektoratet målte då svovelinnhaldet i drivstoffet og fekk utslag på 0,17 prosent. Grensa for lovleg svovelinnhald i verdsarvfjordane er 0,10 prosent, skriv direktoratet i ei pressemelding.

– Det eignar seg ikkje å seie høgt det eg tenkte då eg fekk sjå svara på prøvene, men det er klart eg vert rimeleg skuffa. Vi har lenge hatt eit stort fokus på miljøutslepp i verdsarvfjordane og fått laga eit regelverk der næringa sjølv har vore involvert. Og så får vi likevel eit regelbrot heilt tidleg i sesongen, seier Bjørn Pedersen til NRK. Han er avdelingsdirektør for regelverk og internasjonalt arbeid i Sjøfartsdirektoratet.

I ein e-post til NRK skriv reiarlaget at deira eigne målingar viser noko anna, og seier at dei ikkje har sleppt ut ulovlege mengder svovel i verdsarvfjordane.

Vidare skriv dei at dei skal samarbeide tett med norske styresmakter.

– Grovt overtramp

1. mars blei det nemleg innført nye miljøkrav for utslepp til luft og sjø i verdsarvfjordane Nærøyfjorden, Aurlandsfjorden, Geirangerfjorden, Sunnylvsfjorden og Tafjorden. No har Sjøfartsdirektoratet altså sendt ut sitt første varsel om lovbrotsgebyr som følgje av dei nye reglane.

– Dette er eit grovt overtramp, og det kan ikkje vere snakk om eit hendeleg uhell, hevdar Pedersen.

Meiner du at reiarlaget medvite har brote reglane?

– Nei, om det er medvite eller om dei har dårlege rutinar eller kjøper billeg drivstoff kan eg ikkje seie så mykje om. Men dei målingane vi har fått resultat frå syner eit grovt brot på regelverket, seier han til NRK.

Avdelingsdirektør Bjørn Pedersen

SKUFFA: Avdelingsdirektør i Sjøfartsdirektoratet Bjørn Pedersen.

Foto: Bjarte Amble / Sjøfartsdirektoratet

Gjekk inn i to verdsarvfjordar

Sporing av det 222 meter lange skipet sine AIS-signal viser at skipet var innom både Eidfjord og Flåm i dagane før dei kom til Geiranger. Begge desse hamnene ligg innanfor lågutsleppsområdet i Nordsjøen. Skipet kom til Eidfjord frå Tilbury i England, der skipet forlèt hamna 13. april.

– Dokumentasjonen viser at skipet har gått inn i to verdsarvfjordar med svovelverdiar som ligg langt over lovleg nivå, seier Pedersen.

Fleire kontrollar

I pressemeldinga skriv Sjøfartsdirektoratet at dei i 2019 vil ha fokus på kontroll av spesielt cruiseskip i verdsarvfjordane. Sjølv om mange reiarlag har nye og moderne skip, er det framleis mange eldre skip som besøker desse fjordane.

Og ein av gjengarane langs norskekysten er altså MS «Magellan». Ifølgje Pedersen skal skipet tilbake til Flåm og Geiranger alt i mai.

– Vi reknar med at dei dukkar opp igjen. Vi har difor avgjort at når dei kjem tilbake til verdsarvfjordane vil vi gå om bord og ta nye kontrollar, og kanskje gå endå grundigare til verks, seier han til NRK.

– Vi kjem til å vere oftare i verdsarvfjordane i månadene framover. Vi vil ha særleg fokus på å kontrollere at dei nye miljøkrava vert følgde, seier Alf Tore Sørheim, som er avdelingsdirektør for operativt tilsyn i direktoratet.

Artikkelen blei oppdatert med tilsvar frå reiarlaget Global Cruise Lines 16. mai kl. 15.15.