Hopp til innhold

Bakke til frontalangrep mot Ranheim: – Eg veit ikkje om dei har folkeskikk i Trøndelag

RANHEIM (NRK): Sogndal-trenar Eirik Bakke rasar mot oppførselen til Ranheim. Etter kampen hamna han i basketak med Ranheim-spelar Kristoffer Løkberg.

Trener Eirik Bakke i Sogndal

RASANDE: Sogndal-trenar Eirik Bakke var rasande på oppførselen til Ranheim sine spelarar og trenarar etter kampen.

Foto: Kjartan Ovesen / NRK

Laster innhold, vennligst vent..

– Eg har aldri vore borte i ein plass der det er så lite respekt for folk. Ranheim må sjå seg sjølv i spegelen, måten dei oppfører seg mot oss har ingenting med fotball å gjera, seier ein rasande Eirik Bakke til NRK.

Sogndal blir å finne i førstedivisjon i 2018, etter at Ranheim vann kveldens kvalifiseringskamp på straffesparkkonkurranse.

Men etter kampen var Sogndal-trenaren mest forbanna på oppførselen til Ranheim sine spelarar og støtteapparat, som han kallar flaut.

Basketak

Då Michael Karlsen sette inn det femte og siste straffesparket til Ranheim vart det elleville jubelscener for heimelaget. For etter at same mann scora på straffe i sluttminutta sikra han ekstraomgangar, og i den påfølgande straffesparkkonkurransen vann Ranheim etter at Eirik Schulze bomma for Sogndal.

Men midt i jubelscenene måtte Sogndal sitt støtteapparat halde tilbake ein illsint Eirik Bakke, som skulle ta Kristoffer Løkberg.

– Han står og skrik oss opp i ansiktet etter at vi har tapt. Skal dei opp i eliteserien må dei opp på oppførsel også. Eg har vore i fotballen lenge og har aldri vore med på liknande. Dei må få folkeskikk, men eg veit ikkje om dei har det i Trøndelag. Det er flaut. Eg får heller tola at dei vann kampen i dag, men dei kjem fort ned att, seier Bakke.

Før han heldt fram.

– Løkberg kjem bort og skrik «rævafotball» i ansiktet på meg etter kampen. Men vi må spela som vi gjer på grunn av skadar. Ranheim skal konsentrere seg om seg sjølv, og ha respekt for motstandaren. Makan til lite folkeskikk har eg aldri vore borti, torar Bakke.

Løkberg prøvde å unnskylda til Bakke etter kampen, men det var ikkje sogningen interessert i.

–Det var ei utblåsing, dei prøvde ikkje å spele fotball, det var kniving og provokasjon frå begge sider i begge kampane. Dei sparkar oss ned og dei bruker 45 minutt av kampen på å halda ballen ute av spel. Eg beklagar om han opplevde det som veldig ufint. Eg prøvde å seie unnskyld, men det ville han ikkje ha, seier Løkberg.

På trenarkurs

Også Ranheim-trenar Svein Maalen får gjennomgå av Bakke.

Kvalifiseringskamp til Eliteserien 2018. Ranheim - Sogndal

Ranheim-trenar Svein Maalen.

Foto: Ned Alley / NTB scanpix

– Eg skal på trenarkurs med han og der skal eg læra han folkeskikk, seier Bakke.

At det vart knuffing mellom Bakke og Løkberg hadde ikkje Maalen fått med seg.

– Vi får ta det opp i ettertid, vi skal oppføre oss ordentleg. Vi skal vera gode vinnarar og taparar, og har det skjedd ting der som ikkje er bra, skal vi ta tak i det, seier han.