Hopp til innhold

Bakke møter Florø i første kamp som trenar

Sogndal sine første treningskampar blir mot lag som Florø og Førde. Deretter blir det tøffare motstand for Eirik Bakke sine menn.

Bolseth og Jacobson

STIGNING I PROGRAMMET: Rune Bolseth (t.h.) og Sogndal kan vente seg tøffare og tøffare kampar utover treningsvinteren. Dei startar mot Florø og lag frå andredivisjon, og møter seinare lag frå eliteserien.

Foto: Snæland, Alf Vidar / NTB scanpix

– Det ser veldig bra ut. Vi er veldig godt nøgde med dette, seier arrangentssjef Geir Inge Heggestad.

Han har saman med sportssjef Håvard Flo fått på plass dei første treningskampane fram mot seriestarten i førstedivisjon neste år.

Der blir det kampar mot lokale lag og ei stigning i programmet:

  • Fredag 23. januar: Sogndal - Florø, Sognahallen
  • Søndag 25. januar: Sogndal - Fyllingsdalen, Sognahallen
  • Fredag 30. januar: Sogndal - Førde, Sognahallen
  • Søndag 1. februar: Sogndal - Nest-Sotra, Sognahallen
  • Laurdag 7. februar: Sogndal - Hødd, Sognahallen
  • Fredag 13. februar: Sogndal - Åsane, Sognahallen

Møter fleire lag frå øvste hylle før seriestart

Eirik Bakke er godt i gang med planlegginga av neste år, og mykje dreier seg no om at Sogndal skal finne tilbake til sin lokale identitet. Derfor har det vore viktig å spele treningskampar mot andredivisjonslaga i fylket, samstundes som ein vil spele ein del kampar mot divisjonskollegaer.

– Då har vi med oss totalen i forhold til det som har vore viktig for Eirik, med tanke på fylkesprofilen og korleis vi står mot dei - i tillegg til å møte lag som vi skal møte i serien. Alt dette skjer før vi reiser til La Manga, seier Heggestad.

På treningsleiren får Sogndal motstand frå eliteserien. Det blir dessutan jobba med ein tredje motstandar frå øvste nivå.

(Artikkelen held fram under videoen)

Trass i at Brann trekte det lengste strået i går, er det framleis ikkje avgjort. Men no skal me møta den tidlegare Brann-kapteinen, som snart skal overta som Sogndal-trenar. Eirik Bakke syns det er trist at begge laga no slåst for å overleve.

– Skal ikkje så mykje på tur i vinter

Klubben jobbar no med å få på plass tre kampar i mars. Desse er ikkje avklara, og truleg må Sogndal vente til terminlista er klar før siste brikke fell på plass.

– Vi håpar at to av tre kampar i mars blir mot eliteseriemotstand. Kanskje blir generalprøven mot ein divisjonskollega, seier Heggestad.

– Vi har lagt opp til ei fin stigning fram mot seriestart. Slik det ser ut no, blir dei fleste kampane i Sognahallen - iallfall før vi reiser til La Manga. Så vi skal ikkje så mykje på tur i vinter, seier arrangementssjefen.

Geir Inge Heggestad

SJONGLERER FLEIRE BALLAR: Arrangementssjef Geir Inge Heggestad er i ferd med å leggje siste hand på verket fram mot neste års seriestart.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK