Hopp til innhold

Slik kan Sogndal spele med ein skikkeleg fylkesprofil allereie neste sesong

Joda, det er mogleg å byte ut åtte utlendingar med berre lokale spelarar på Sogndal.

Start-Sogndal

LOKAL OG SENTRAL: Ulrik Flo er representant for det lokale innslaget på årets utgåve av Sogndal. Han fekk ikkje starte kampen mot Aalesund, der startoppstillinga derimot inneheldt åtte spelarar med utanlandsk pass.

Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix

Kommentar av Rune Fossum
sportsansvarleg NRK Sogn og Fjordane

Mange heva augebryna då Sogndal starta med eit lag totalt blotta for spelarar frå eige fylke - men med åtte utlendingar - sist kamp. Det er ikkje så rart. Sogndal har nedfelt i sine eigne statuttar at dei skal ha halve spelarstallen frå Sogn og Fjordane. Det burde også spegle att ute på bana.

For det er noko publikum på Fosshaugane forventar. Det er noko folk i Fjøra diskuterer. Det er viktig for eldsjelene rundt klubben. Og det er ikkje til å stikke under stol at eit Sogndal med lokale heltar er langt kjekkare å sjå på enn eit Sogndal med halvgode utlendingar.

For no har Sogndal blitt altfor lik alle andre. Det er innkjøpte spelarar som dominerer.

Oppstår problem når mange gode reiser

Då NRK sette søkjelys på den manglande fylkesprofilen for nokre veker sidan, svarte Håvard Flo slik:

– No har vi selt lokale spelarar som har fått sjansen til å gå til nye og større oppgåver, og det er og i våre statuttar at vi skal vidareforedle og selje når høvet byr seg. Det har vi gjort i det siste, og då er det natuleg at vi får ei utfordring rundt den lokale identiteten.

Det har den sportslege leiaren sjølvsagt heilt rett i. Sogndal har vore svært gode på spelarutvikling dei siste åra. Konsekvensen av det har vore at klubben har fått fram toppspelarar på rekkje og rad. Even Hovland, Per Egil Flo, Mats Solheim og Gustav Valsvik er lysande eksempel på det.

Problemet oppstår når alle desse på kort tid finn ut at dei er modne for det neste steget, og søkjer utfordringar andre stader - og Sogndal ikkje har lokale spelarar klare til å fylle hola.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kristoffer Ryland

SOGNDAL-AKTUELL: Kristoffer Ryland har markert seg som ein spennande offensiv spelar i Florø. Han er mellom spelarane som bør vere aktuell for Eirik Bakke sitt mannskap neste år - vel og merke når han er skadefri.

Foto: Truls Kleiven

Rekruttering av spelarar går i bølgjer

For i eit lite fylke som Sogn og Fjordane vil spelarutvikling gå i naturlege bølgjer, og etter ein bølgjetopp kjem det gjerne ein botn. Det har vist seg gong på gong. Etter den velkjente 80-generasjonen med Tommy Øren & co gjekk det nokre år før gjengen med Kim Tangedal og Mathias Eikenes dukka opp. Så var det generasjonen med Even Hovland og Per Egil Flo.

Kvar gong har Sogndal blitt nøydd til å byggje på nytt.

Sjølv om det kanskje har betydd ein tur nedom førstedivisjon.

Såleis kan eit nedrykk faktisk vere sunt:

For Eirik Bakke kan det vere ein fordel å starte ein trenarkarriere med å byggje eit nytt lag, og på eit nivå der han ikkje har noko å tape.

For klubben kan det vere ein god moglegheit til å la spelarar frå eige fylket utvikle seg. Som sist gong klubben rykte ned. Då forsvann ein haug med spelarar med korte kontraktar. Tilbake stod dei med lange kontraktar - for ein stor del folk frå eige fylke.

Det som skjedde hugsar vi alle: Henrik Furebotn, Mats Solheim, Even Hovland og Per Egil Flo blomstra, og snart vart dei modne for eliteserien. Alle er no toppspelarar.

Difor kan eit nedrykk også vere sunt

Det er mogleg å stable på beina eit heilt OK lag allereie neste år - med tre viktige spelarar utanfrå, men med lokale spelarar som ryggrad:

Mathias Dyngeland - Joar Tryti, Bjørn Inge Utvik, Hannu Patronen, Eirik Bergum Skaasheim - Ruben Holsæter, Rune Bolseth, Henrik Furebotn - Kristian Fardal Opseth, Ulrik Flo, Kristoffer Ryland.

Ein må altså hente inn eit par lokale spelarar, som etablerte Furebotn frå Sandnes Ulf og Florø-talentet Kristoffer Ryland. I bakhand kan ein også ha Leif Lysne, Peter Aase, Oddbjørn Skartun og Ørjan Hopen. For å nemne nokre.

Då har eg ikkje gløymt at Sogndal har fleire «utanfrå-spelarar» i stallen, som uansett divisjon truleg også vil vere der neste år. Dei vil sjølvsagt komme godt med.

Poenget er at Sogndal gjennom 40 år i toppfotballen har hatt sin unike suksess med spelarutvikling og lokal profil. Det må ein ikkje kaste på båten i jakta på vidare liv i eliteserien.

Nei, ein skal ikkje la seg rykkje ned utan sverdslag. Det er ikkje fair play. Sogndal skal halde fram med å slåst for plassen.

Men det KAN vere vel så sunt å ta eit steg tilbake. For deretter å komme endå sterkare tilbake.

Terje Rognsø, Knut Erik Folland og Eirik Bakke er mellom gjestene Kjell Arvid Stølen har i den tredje utgåva av Fotballstudio.

FOTBALLSTUDIO: Sjå siste utgåve av fotballstudio frå NRK Sogn og Fjordane, der påtroppande trenar Eirik Bakke mellom anna fortel om sine tankar for Sogndal neste sesong. Foto/redigering: Ole André Rekkedal