Hopp til innhold

Bakke kan ikkje stå åleine som hovudtrenar

Eirik Bakke manglar relevant trenarutdanning og kan ikkje stå åleine med trenaransvaret i Sogndal.

Eirik Bakke og Tor Arne Ness

NØGDE: Eirik Bakke vart ynskt velkommen til Sogndal som hovudtrenar av styreleiar Tor Arne Ness.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Sogndal må utdanne eller hente inn trenarar utanfrå dersom Eirik Bakke skal vere hovudtrenar neste år.

Den tidlegare Leeds-proffen manglar både UEFA A og UEFA Pro-lisensen. Utan Pro-lisensen kan han ikkje stå åleine som hovudtrenar. Utdanninga gjer ein trenar formelt kvalifisert til å trene eit kva som helst lag i Europa.

– Han vil i alle fall bruke 2,5 år før han har UEFA Pro. Det betyr at ein periode framover så må ein annan trenar formelt stå som hovudtrenar, som anten har UEFA Pro-lisens eller vil ta UEFA Pro-lisensen i nær framtid, seier ansvarleg for Topptrenarutdanning i Fotballforbundet, Dag Riisnes.

Startar i sommar

Bakke er blant 32 trenarar som i sommar tek til på UEFA A-lisensen og vil vere ferdig med denne rundt 1. mars neste år. Tidlegast neste haust kan han då ta til på Pro-lisensen. Då vil han vere ferdig mot slutten av 2016.

Det er eit krav for hovudtrenarar i Eliteserien å ha dette kurset, som er det høgaste trenarkurset i Norge og Europa.

Sogndal tok sjølve kontakt med Fotballforbundet om dette før Bakke vart tilsett som hovudtrenar.

– Vi er kjende med statusen til Eirik og at han går eit utdanningsløp i den retning, og at vi som klubb har krav på oss som vi skal stette. Det har vi tenkt å gjere, seier han.

– Korleis kan ein stette desse krava så lenge Bakke vil mangle Pro-lisensen i alle fall dei neste 2,5 åra.

– Det truleg mest nærliggande er å ha delt hovudtrenaransvar. At andre i klubben har denne sertifiseringa.

Har lagt ein plan

Per i dag er det ingen, med unntak av avtroppande Jonas Olsson, som har Pro-lisensen i Sogndal. Derimot er det fleire som har UEFA A og som kan melde seg på når kurset startar opp i haust.

Fotballforbundet reknar med å opne opp for 12–16 trenarar. Om nokon av desse vil komme frå Sogndal er uvisst.

– Vi ynskjer å ha fokus på 2014 og ikkje gå i djupna på korleis vi har planlagt 2015. Men vi har ein prosess på dette og skal ha ei løysing når sesongen 2015 står på trappene, seier Ness.

Må ha UEFA Pro

Hos Fotballforbundet seier Riisnes at Sogndal berre har eitt alternativ om dei ikkje sender trenarar på Pro-lisensutdanninga.

– Då må Sogndal hente inn ein trenar med UEFA Pro-lisensen. Formelt sett må ein annan stå som hovudtrenar, medan Eirik kan vere medtrenar. Så er det visse oppgåver som ein hovudtrenar må ta i vare. Elles kan fordelinga internt vere ganske fleksibel, seier han.

– Kvifor er det ikkje mogleg med dispensasjon?

– Dette er UEFA-reglar som gjeld over heile Europa. Dette er eit regelverk som skal beskytte trenaryrket som ein profesjon, slik at ikkje kven som helst kan gå inn i og vere trenar i ein klubb, men ein skal ha respekt for at det å vere fotballtrenar er eit yrke som då krev både trenarerfaring, mykje praksis og utdanning.

NRK har ikkje lukkast med å komme i kontakt med Eirik Bakke for ein kommentar.